NORDLEK 2024
16. juli kl. 09:00 –
21. juli kl. 13:00
Arendal, Noreg
Arendal Kulturhus, Sam Eydes Plass, Arendal, Norge
Om arrangementet
Arrangør: NORDLEK2024
Velkomen til NORDLEK i Arendal, 16.-21. juli 2024. Dette er påmeldingssida for arrangementet, der både grupper og enkeltpersonar melder seg på.
Påmelding
Påmeldinga er open frå 1. desember 2023. Vi ynskjer at flest mogleg melder seg på innan 1. april 2024. Ved påmelding etter dette vil eit gebyr bli lagt til på 500,- NOK.
Det er mogleg å gjere påmeldinga på to ulike måtar.
1. Gruppeleiaren for kvart lag/gruppe kan melde på sjølve gruppa, og bestille det antal billettar som gruppa treng. Velg då "uspesifiserte billetter". Så kan gruppeleiar sende ut lenker til kvar enkeltperson som må fylle inn si eiga personlege påmelding. Gruppeleiar er det same som "bestillingskontakt" i dette skjema. Les meir om uspesifisert påmelding her.
2. Det er mogleg å melde på enkeltpersonar utan at gruppeleiar/bestillingskontakt melder på sjølve gruppa fyrst, velg då "bestill billetter".
Påmelding til nordisk sommarleir har eit eige påmeldingsskjema som du finn her. Det vil vera mogleg for ungdom på sommarleiren å bu i lag også under Nordlek, for dei som ønsker det.
Betaling
Betaling skjer enten med kort, Vipps eller som faktura til lag eller enkeltperson.
Avbestilling
Avbestilling etter 20. juni kan vi ikkje gi refusjon for.
Dersom ein må avbestille grunna alvorleg sjukdom eller anna vil di personlege reiseforsikring dekke denne kostnaden.
Alle avbestillingar skjer skriftleg til pamelding@nordlek2024.no.
Billettypar
Vi anbefaler å kjøpe festivalpass dersom du skal delta store deler av veka. Det er også mogleg å kjøpe dagspass.
Billettane er delt opp i følgande kategori:
- Vaksen, over 26 år (fullpris)
- Musikar/spelmann (50% rabatt)
- Ungdom, 13-26 år (50% rabatt)
- Ungdom som deltek på nordisk sommarleir (gratis)
- Born 5-12 år (rabatt)
- Born, 0-4 år (gratis)
- Ledsager (gratis)
- Bussjåfør (gratis)
Ungdom som deltek på nordisk sommarleir får gratis festivalpass på NORDLEK. Du må fyrst melde deg på nordisk sommarleir. I stadfestinga du får tilsendt på mail ligg det ein rabattkode som du nyttar ved påmelding til NORDLEK. Denne rabattkoden gir gratis festivalpass. Tilleggsval som overnatting, T-skjorte og konsertar må ein betale ordinær pris for.
Dersom ein ikkje er medlem i ein av dei nordiske organisasjonane som er medlem i Nordlek-samarbeidet betaler ein 500,- ekstra for festivalpass og 100,- ekstra for dagspass.
Vidare i påmeldingsskjema kan du gjere tilleggsval med til dømes konsertar, overnatting, kurs som krev påmelding mm. Nokre av desse har eigne prisar som står spesifisert i skjema.
Utflukter bestillast gjennom eige system via denne sida. Her kan du også lese meir om utfluktene.
Kontakt og informasjon
Spørsmål til påmeldingsskjema: pamelding@nordlek2024.no
Generelle spørsmål om arrangementet: hei@nordlek2024.no
Informasjon om program og alt det praktiske finn du her.
Følg gjerne med på Facebooksida til arrangementet her.
Translation: Information in English will be ready shortly, you can change language on top of the page.