24.04 Marilynne Robinson i samtale med Kaja Schjerven Mollerin
Friday 24 April
18:00 – 19:00
Nasjonalbiblioteket i Oslo
Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate, Oslo, Norge
About the event
Organizer: NASJONALBIBLIOTEKET
Kva skal skje?
Når du skriv, er du ein del av ein verdssamtale, seier forfattar Marilynne Robinson. Bli betre kjend med ein av dei aller største forfattarane i USA og perspektivet ho har på litteraturen. Gjennom romanane og dei mange essaya sine har Robinson utforska spørsmål om nåde, tilgiving, demokrati og fellesskap. Ho evnar å sjå noko grunnleggjande verdifullt i mennesket – sjølv når verda verkar uroleg. Hos Nasjonalbiblioteket samtalar ho med Kaja Schjerven Mollerin om litteraturen og det nyskrivne Fosseforedraget.
Fosseprisen for omsetjarar og Fosseforedraget blei oppretta av regjeringa for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Fosseforedraget blir halde kvar april av ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som har gjort ein særleg innsats for å fremje forståinga av, eller formidlinga av, litteratur på verdsbasis. Fosseprisen går til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk.
Arrangementet vil vere på engelsk.
Kven møter du?
Marilynne Robinson (f. 1943) er amerikansk forfattar og essayist, særleg kjend for den prislønte Gilead-kvartetten. Ho har doktorgrad i engelsk litteratur og har undervist i kreativ skriving ved Iowa Writers’ Workshop. Robinson er omsett til 36 språk og er mottakar av ei rekkje store litterære prisar, mellom andre Pulitzerprisen.
Kaja Schjerven Mollerin (f. 1980) er ein av dei mest markante litteraturkritikarane og essayistane i Noreg. Ho har doktorgrad i litteraturvitskap frå Universitetet i Oslo og er tilsett som forskar ved Nasjonalbiblioteket. Ho er kritikar i Klassekampen og har gitt ut fleire bøker, blant anna om Gunvor Hofmo, Jens Bjørneboe, Susan Sontag og Vigdis Hjorth.
Når og kor?
Fredag 24. april 18–19
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha husbillett for å sikre deg plass i hovudsalen Målstova eller eit anna rom på huset der arrangementet blir vist på storskjerm. Hent ut billett her: Hent billett!
Merk at billetten berre sikrar plass på huset. Vil du sitje i hovudsalen, ver tidleg ute.
Dørene opnar 30 minutt før arrangementet startar. Ubrukte plassar blir fristilte ti minutt før.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst.
Velkommen!