23.04 Vi les Fosseforedraget av Marilynne Robinson
Thursday 23 April
18:30 – 19:30
Nasjonalbiblioteket i Oslo
Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate, Oslo, Norge
About the event
Organizer: NASJONALBIBLIOTEKET
Kva skal skje?
Forfattar og professor Jan Grue, førsteamanuensis i Amerika-studiar Hilde Løvdal Stephens og kritikar Live Lundh diskuterer det ferske foredraget til den amerikanske forfattaren og litteraturprofessoren Marilynne Robinson. Ho er ein av dei fremste litterære tenkjarane i vår tid og er særleg kjend for den prislønte Gilead-kvartetten. Kva fortel Robinson om litteraturen i foredraget sitt, og kva meiner panelet om det ho skriv?
Samtalen blir leia av litteraturkritikar Preben Jordal, som har omsett Fosseforedraget.
Om du vil førebu deg, kan du følgje Fosseforedraget på nett eller på storskjerm hos Nasjonalbiblioteket frå klokka 16.00 same dag. Sjå detaljane her: Fosseforedraget og Fosseprisen 2026 | Nasjonalbiblioteket
Foredraget blir til sals i butikken til Nasjonalbiblioteket og på nettet.
Fosseprisen for omsetjarar og Fosseforedraget blei oppretta av regjeringa for å heidre nobelprisvinnar i litteratur Jon Fosse. Fosseforedraget blir halde kvar april av ein internasjonal forfattar, dramatikar, akademikar eller intellektuell som har gjort ein særleg innsats for å fremje forståinga av, eller formidlinga av, litteratur på verdsbasis. Fosseprisen går til ein omsetjar som over tid har arbeidd med å omsetje norsk litteratur til andre språk.
Kven møter du?
Jan Grue er forfattar og professor ved Universitetet i Oslo. Han har eit breitt forfattarskap som omfattar sakprosa, skjønnlitteratur og barnebøker, og blei tildelt Kritikerprisen i 2018 for Jeg lever et liv som ligner deres.
Hilde Løvdal Stephens er førsteamanuensis i Amerika-studiar ved Universitetet i Oslo. Ho forskar på amerikansk historie frå 1900-talet, med særleg vekt på religion, konservatisme, kultur og utdanning, og er forfattar av Family Matters: James Dobson and Focus on the Family’s Crusade for the Christian Home.
Live Lundh er litteraturvitar og fast kritikar i Morgenbladet og har lenge følgt Marilynne Robinson sin forfattarskap tett. Ho sit også i Fosserådet, som fungerer som eit fagleg rådgivande organ for Fosseforedraget.
Preben Jordal er kritikar og redaksjonssjef i Verbum forlag. Han har omsett tre av Marilynne Robinson sine essaysamlingar, óg årets Fosseforedrag.
Når og kor?
Torsdag 23. april 18.30–19.30
Nasjonalbiblioteket, Målstova
Inngang frå Henrik Ibsens gate 110
Slik kjem du deg hit: Besøk Nasjonalbiblioteket!
Treng du billett?
Arrangementet er gratis, men du må ha husbillett for å sikre deg plass i Målstova eller eit anna rom på huset der arrangementet blir vist på storskjerm. Hent ut billett her: Hent billett!
Med billett får dei fleste som kjem, plass i hovudsalen.
Dørene opnar 30 minutt før arrangementet startar. Ubrukte plassar blir fristilte ti minutt før arrangementet startar.
Strøyming av arrangementet?
Vi strøymer arrangementet HER, og opptaket ligg ute i 14 dagar HER.
Mat og drikke?
Credo gir publikum ved Nasjonalbiblioteket eit serveringstilbod forankra i norsk matkultur. Nasjonalbibliotekbaren, bakeriet og kantina tilbyr forfriskingar og smårettar og bakst. I løpet av hausten opnar dei restaurant.
Velkommen!