Vevkurs med flatvev
16 January 18:00 –
24 April 22:00
Dale grendahus
Askelandsvegen 40, Sæbøvågen, Norge
About the event
Organizer: Nordhordland Husflidslag
Om vevkurset
Vevkurset er for alle nivå, og med ulike vevteknikkar. Du lærer mellom anna å sette opp veven, lage renning, sveipe på renning på veven, feilsøke i veven, handtere ulike renningar og innslag, og mykje meir. Kurset er dynamisk, og det er mogeleg for deltakarar å komme med innspel til kva renningar som skal setjast opp. Deltakarane blir oppmoda til å bruke kreativiteten sin i møte med dei ulike renningane, men du får også rettleiing når det kjem til kva materiale og teknikk som er lurt å bruke.
Ordensreglar
Vi må saman lage eit triveleg miljø på vevstova. Når du er ferdig i ein vev, ryddar du ut av vevstolen og moppar rundt og under veven. Reinhaldet skjer på dugnad, og vi brukar torsdagen etter siste kursdag på å vaske over alle vevar og flater i vevstova. Alle bidrar med å halde lokala trivelege undervegs i kurset.
Anna informasjon
Vi har ein felles matpause midt i økta. Ta gjerne med eigen kopp, den kan du la vere i lokalet under heile kurset om du ønskjer. Ta med niste, kaffi og te bytter vi på å kjøpe inn.
Kursleiar: Aud Marit Halland
Timar: 48
Kurskveldane er frå kl. 18-22. Oppstart 16. januar, siste dag er 24. april.
Kurset er støtta at Studieforbundet kultur og tradisjon.