Ankerfest 2025
20 June 2025 18:00 –
23 June 2025 01:00
Kulleseidkanalen Gjestehamn
Kanalvegen 24, Finnås, Norge
About the event
Organizer: Kulleseidkanalen Gjestehamn
Ankerfest 2025
Kast loss, sett kurs og la ankeret gå! Kulleseidkanalen gjestehamn inviterer igjen til Ankerfest 2025 – det blir ein folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamna og på camping, open restaurant og eit yrande folkeliv.
Eit av høgdepunkta denne helga vert utekonserten med Kling & De, Gunslingers og XXX (fredag 20. juni), Møllo Blues band, XXX og XXX (laurdag 21. juni) og Salmer på pøbb (Søndag 22.juni).
Artistane blir presentert kvar fredag framover.
Kjøp festivalpass, så er du sikra billettar til heile folkefesten!
Overnatting i båt eller camping er berre tilgjengeleg ved førehandsbooking. Vel du festivalpass får du opp moglegheit til å booka plass i hamna eller på campingen.
Konsertane har 18 års aldersgrense. Frå kl 18:00 er restaurant og konsertområde ikkje tilgjengeleg for umyndige. Personar under 25 år må uoppfordra visa legitimasjon.
Fredag 20. juni:
Kling & De
Kling & De gler seg til å spela på Ankerfest 2025 og skal gjera sitt beste for at det blir allsong og god stemning. Kling & De er eit band frå Karmøy som debuterte med sommerhiten «Fy faen så deiligt» sommaren 2021, og for ein HIT det skulle bli! Låten er spelt over 4,8 millionar gonger på Spotify.
Om sommaren ligg dei på rundt 80.000 månadlege lyttarar på Spotify og i skrivande stund med 54.000 månadlege lyttarar.
Kling & De sverja til organiske instrument, spelt av ekta menneske som er dedikerte til musikk og eigne åndsverk. Dei har bevist at ein hit låt ikkje treng meir enn vokal, akustisk gitar, vispar og bass (Fy faen så deiligt).
Kling & de er 6 medlemmer i bandet og alle elskar å spela. Alle låtane er skrivne, lagt og produsert av Ågot Pedersen og Roy Kling.
Bandet:
Vokal: Ågot Pedersen
Vokal : Geir Ove Nyrud
Gitar: Roy Kling
Bass: Joppe Vie
Trommer: Leif Helge Olsen
Keyboard: Vidar Stakkestad
Bandet glede seg Massivt til Ankerfest 2025!
Gunslingers
Gunslingers har i snart 20 år levert norsk countrymusikk av ypperste kvalitet. Dei har oppnådd ein rekke utmerkingar, fått tildelt gull- og platinatrofèer og fått æra av å spela på hundrevis av utselde arrangement.
Bandet reiser med mellom anna LED-skjerm, flammar og diverse effektar, som gjer at showet skil seg ut ifrå mengda og gjæv publikum ein unik konsertoppleving. Bak vokalist og låtskrivar Frode Måkestad, står ei rekkje med anerkjende norske musikarar - ingen ringjarar enn: Tore Mæhle (Bass), Frode Andreassen (Trommeslager), Dag Wolf (Steel guitar), Jan Ove Johansen (Gitar) og Nikolai Storevik (Fele). Bandet fokuserer på ekte speleglede og musikalsk kvalitet. Playback og tracks er banning i kyrkja for denne gjengen.
På konsertane med Gunslingers vil publikum få servert eit fullspekket show. Kjemien mellom scene og publikum er unik og det er ingen tvil om at desse kara var laga for å opptre på scena. Det å vera på konsert med Gunslingers kan opplevest som eit ordentleg serotonin tilskot og ikkje minst - det gir deg eit minne du seint (eller aldri) vil gløyma.
Lørdag 21. juni:
Møllo Blues band
For mange bømlingar vekkjer dette namnet minner frå ei svunnen tid. Det er ikkje få som i dag er gifte og stelte og har passert både sølv og perlebryllaup, som hadde sitt fyrste møte, sin fyrste dans, sitt fyrste kyss til tonane av Mustang Sally eller Sitting on the dock of the bay, akkompagnert av Møllo Blues Band.
Trettitre år etter den fyrste øvinga i Møllo i Tverråno, og for fyrste gong sidan 2007 ristar dette legendariske bandet oska or seg og reiser seg som ein Fugl Fønix.
Ankerfest 2025, er staden. Som ein forstår så er det ikkje ofte dette skjer og billettane bør du sikra deg i goooood tid. Så kan du stå på kaien, nyte tonane til You can leave your hat on, Soul man, try a little tenderness, Let my people go, Sweet home Chicago, og mange andre klassikarar.
Gjennopplev ungdommen og la deg riva med i eit forrykande sceneshow, nokre av dei beste musikantane Bømlo har fostra og kjenn på denne evigunge musikken som manar fram glede, dansefot og stor allsongfaktor. Blåsarane skal pusse horna, bandmedlemmane skal innerst i skapet for å leite etter prikkeslipset, eller lage eit nytt prikkeslips med korrekturlakk, (true story).
Bandet gler seg ekstremt til å endeleg spela saman igjen.
«- we’re putting the band back together». Sitat frå filmen som starta det heile..
Søndag 22.juni:
Etter to år med Ankerfest, gler me oss no stort til å utvida festivalen til også søndagen
Me får ein heidundrande avslutting på helga med 𝙎𝙖𝙡𝙢𝙚𝙧 𝙥𝙖̊ 𝙋ø𝙗𝙗!
Siste åra har dei verkeleg teke Norge med storm, og NRK skriv at Lewi Bergrud og gjengen i Salmer på pøbb: "har treft ein nerve i det norske musikklandskapet (...) berre smil og glede å sjå blant publikum!"