Paris, Texas (1984)
Thursday 7 November 2024
19:00 – 21:30
Nynorskhuset
Teater Vestland, Storehagen, Førde, Norge
About the event
Organizer: Sunnfjord Filmklubb
Paris, Texas (1984)
Regi: Wim Wenders
Lengde: 142 min
Aldersgrense: 11 år
Sjanger: Drama
Språk: Engelsk
Gjennom Texas ørkenen vandrar den einsame stakkaren Travis Henderson, sliten, fillete og tilsynelatande like tom i sinnet som vasskanna han ber. Han seier ikkje eit ord, men på eit sjukehus finn ein lege ut identiteten hans takka vere eit kort i lomma hans. Der er òg nummeret til Travis’ bror Walt, som hentar Travis og tek han med heim og til Travis’ son Hunter. Det er fire år sidan Travis forsvant og kona Jane har òg vore borte frå Hunter i mange år. Travis freistar å knyte band med den sjenerte sonen sin, samstundes som han ynskjer å reise ut att og leite etter Jane.
Som Travis Henderson fekk då 58 år gamle skodespelar Harry Dean Stanton sin fyrste av svært sjeldne hovudroller, ein oppgåve han tok på seg fordi han var “lei av rollene” han ellers spelte og ynskja noko med “skjønnheit og sensitivitet.” Saman med blant anna Dean Stockwell og Aurore Clément, leverer han ein minneverdig prestasjon som mange har rekna som høgdepunktet i karrieren hans.
Wim Wenders sit i registolen og byr på ein poetisk refleksjon kring bandet mellom kjærleik og tap, med eit manus som skal ha vorte forma av dei ulike omgjevnadane i det amerikanske landskapet som inspirerte Wenders. Fotograf Robby Müller fangar desse mektige stadene med eit skånsamt auge og Ry Cooders bluesgitar glir gjennom denne såre handlinga like aumleg som vinden i ørkenen.
Paris, Texas vant Gullpalmen under Filmfestivalen i Cannes og Screen International observerte at den kjenslelada skildringa av USA vart teke godt imot av det europeiske publikum, sjølv under ei tid der antiamerikanisme stod høgt. Under noverande tid med mykje splid og usemje i filmens opphavsland, kan det høve bra å dykke ned i ei forteljing om enkeltmenneskjet og dei komplekse nyansane i den amerikanske draumen.
Kom til Nynorskhuset og opplev eit familiedrama blanda med ein roadfilm som serverer enorme og fagre bilete av både ørken og storbyar, like mykje som den skildrar anger og isolasjon gjennom sårbare menneskjer.