Fylkesårsmøte Vestland SV 2025
8 February 09:00 –
9 February 16:00
Bergen
Vestlandshuset, Vestre Strømkaien, Bergen, Norge
About the event
Organizer: VESTLAND SOSIALISTISK VENSTREPARTI
Velkommen til fylkesårsmøtet for Vestland SV 8. og 9. februar 2024
Møtet finn stad på Vestlandshuset (nye fylkeshuset) i Bergen sentrum.
Info om møtet, sakspapir, korleis ein sender inn for endringsforslag og liknande finn ein på årsmøtesida.
Tidsramme for møtet
Laurdag:
09.00 (registering opnar)
10.00 møtestart
18.30 møtestlutt
19.30 middag
Søndag
10.00 møtestart
14.00 møtet blir heva.
Sakspapir
Blir sendt ut på e-post til alle påmeldte og lagt på årsmøtesida på vestland.sv.no. Lenke: https://vestland.sv.no/fylkesarsmotet-2024/
Kven møter på fylkesårsmøte?
Lokallaga har tildelte delegatar etter ein nøkkel som gir eit visst antall basert på medlemstalet i lokallaget. Dette er regulert i vedtektene. Ynskjer eit lokallag å sende observatør(ar), kan ein det, hugs påmelding i dette skjemaet. Og då vil lokallaget bli fakturert for alle kostnader knytta til observatøren (reise, overnatting osv.)
Kostar det noko å delta?
Lokallaga er med på eit spleiselag der ein betaler inn omlag 1250kr per delegat til fylket. Dette vert fakturert til lokallaget. Resten av årsmøtekostanden står Vestland SV for.
Du som deltakar sender eventuell reiserekning med kvitteringar i etterkant av møtet.
Reise og overnatting
Reis på rimelegaste og mest praktiske måte. Ein kan også få godtgjersle for å kjøyre eigen bil.
Vestland SV har gjort førehandsreservasjon på eit hotell i sentrum. Tilreisande oppfordrast til å ordne seg overnatting privat om ein har høve til det. Har ein for lang reiseveg til å rekke fram til møtestart laurdag, eller ynskjer å vere med på kveldssetet fredag, må ein gjerne kome fredag og overnatte ei ekstra natt.
Har ein kryssa av for overnatting på hotell i skjemaet får ein dette. Me har booka rom på Citybox Bergen sentrum og Citybox Danmarksplass (to bybanestopp undå, eller fin spasertur) Hotellet i sentrum har avgrensa plass, så her er det lurt å ha meldt seg på tidleg, me fyller opp der fyrst.
Obs! Frokost er ikkje inkludert i overnattinga.
Praktisk info
Fungerande fylkessekretær Sigrid Sandal ordnar og riggar alt med møtet. Eg kan svare på alt av praktisk spørsmål, store som små. Send alle årsmøterelevante spørsmål på mail til vestland@sv.no
Hastar noko kan ein ringe eller sende SMS- sjå kontaktinfo.