Logo

Vestavin 5 år - Sommarfest

12. juli kl. 19:30 –

13. juli kl. 01:00

Vingarden på Jølst

Jølstravegen 2380, 6843 Skei, Norge

Om arrangementet

Arrangør: Vestavin

Velkomne til årets sommarfest og bursdag!

Vestavin fyller fem år og vi fyller Vingarden på Jølst med musikk og god stemning. 

Med ein draum om å gjere gull ut av gråstein, såg Vestavin AS dagens lys i 2019. Sidan har Vestavin fått følgje av både Vesle Lerka og Vingarden på Jølst. Alle tre formidlar smaken av Jølster og vestlandet i eit glas.

På scena under sommarfesten vil de treffe Imposter Syndrome, eit sunnfjordbasert coverband med kjærleik for rock som foreinande kraft på tvers av alder og kjønn!  

Det blir open bar, sommarleg stemning i tunet og kanskje nokre overraskingar undervegs. 

Håpar de blir med på feiringa

Praktisk info:

Dørene opnar kl.19.30. Utsalet held ope til kl. 20.00 om ein ønskjer å handle. Imposter Syndrome går på scena rundt kl. 20.00. 
Det blir open bar utover kvelden og enkel matservering. 

Transport til og frå. 

Mogleg med kollektiv transport til og frå vingarden. Bruk entur.no til å planlegge reisa. Om det er fleire som skal i same retning utover kvelden, er vi behjelpelege med å bestille transport.  

Kart som viser hvor arrangementet foregår