VEGKRYSS - INSPIRASJONSSAMLING FOR UNGDOM - UNGDOMSTINGET 2024
23. august 2024 kl. 17:30 –
25. august 2024 kl. 13:00
VEGKRYSS - INSPIRASJONSSAMLING FOR UNGDOM - UNGDOMSTINGET 2024
Jonas Reins gate 2, Bergen, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Den norske kyrkja v/Bjørgvin bispedømeråd
Vel møtt til ei helg som skal gje inspirasjon, byggje fellesskap, og gje påfyll . Her kan du få nye vener på tvers av ungdomsarbeidet i dei ulike sokna. Her får du oppleva å vere ein del av noko større og møta andre ungdommar som er med i kristent ungdomsarbeid.
KVA ER VEGKRYSS?
Vegkryss er ein samling for alle ungdommar som høyrer til ei kyrkje eller kyrkjelyd i Bjørgvin Bispedøme. Gjennom eit variert og engasjerande program, vil vi møtast for å få :
INSPIRASJON - ENGASJEMENT - PÅFYLL
Vegkryss inneheld også noko anna viktig : Ungdomstinget 2024 ( sjå nedatil på siden)
Vi møtast til fellessamlinger med band, inputs og Workshops.
Inputs : Thor Haavik, Kjersti Gautestad Norheim, David Genius mfl.
Workshops : Leikeverkstad, Small talk og sjelesorg, band, vokal, KRIK, og mange fleir - Amazing Race i Bergen by laurdag ettermiddag - For ikkje å snakke om Church Rave -laurdag kveld
PROGRAM :
Fredag:
17:30 Innsjekk på hotellet opnar
18:15 Middag for pulje 1
19:00 Middag for pulje 2
20:00 Åpningssamling: ENGASJEMENT
22:00 Kveldstankar
Laurdag:
Frå kl. 08:00 Frukost på hotellet
10:00 Morgonamling: INSPIRASJON
11: 00 Ungdomstinget ( 2 fra hver menighet ) møtes hotell Ørnen
11:30 Workshops #1
13:00 Lunsj, pause og lokasjonbyte
13:30 Workshops #2
16:00 The Amazing Race
18:15 Middag pulje 1
19:10 Middag pulje 2
20:00 Samling: PÅFYLL
21:00 Powerpointkveld
22:00 Kveldstankar
22:30 Church-Rave
Søndag: Frå kl. 08:00 Frukost på hotelletPakking og utsjekk
11:00 Gudsteneste
12:00 Minglekafé
13:00 Samling: UTSENDT
15: 00 Takk for no
KVEN ER VEGKRYSS FOR?
Vegkryss er for alle som er med i eit ungdomsarbeid. Hovudmålgruppa er vidaregåande skule og oppover, men det går og an å kome som ein del av gruppe, for dei som har eit opplegg for 10.klasse. Anten du er med i eit stort eller lite ungdomsarbeid, og anten de har mange ulike tilbod eller berre eitt - Du er hjarteleg velkommen! Du kan anten melda deg på sjølv, eller ta kontakt med ein tilsett i kyrkjelyden din for at dei skal melda deg på.
KVA SKJER PÅ VEGKRYSS?
Ønsket med vegkryss er å skapa arenaer for både påfyll og nettverksbygging. Me vil gje ungdomsleiarar ressursar som dei kan ta med seg tilbake til arbeidet sitt. Me ønskjer å skapa relasjonar med andre som driv ungdomsarbeid andre stadar, og styrkja relasjonane mellom deltakarane på vegkryss gjennom artig program, workshops og gode måltid. Me vil også saman retta fokuset mot Jesus, og det gode felleskapet som Gud gjev oss.
FOKUS: INSPIRASJON
Vi ønskjer å ha fokus på at vi alle vert inspirerte til vidare drift av ungdomsarbeidet. Å vera ungdom kan vera krevjande, og det arbeidet me gjer er utruleg viktig, og har stor verdi for dei ungdommane me får treffa gjennom konfirmantarbeid og ungdomsarbeid. Me ønskjer å bruka tid denne helga på å inspirera til å stå i teneste, tora å tenkja nytt og å tenkja stort om den jobben ein gjer.
FOKUS: ENGASJEMENT
Vi ønskjer å skapa engasjement rundt det å jobba med ungdom. Ofte kan det verka håplaust, nyttesløst eller strevsamt å skulla driva ungdomsarbeid, og i periodar er det tungt å dra lasset og vanskeleg å nå inn. Engasjement er viktig for å driva eit arbeid framover, og målet er å finna ei gneist i oss alle, og læra oss å bruka dei gåvene me har til å skapa eit levande og brennande ungdomsarbeid.
FOKUS: NETTVERKSBYGGING
Ofte kan ein kjenna seg åleine i det arbeidet ein driv. Ein veit ikkje kva ein skal gjera, eller korleis ein skal løysa ting. Då er det viktig å kjenna andre som driv med det same. Me kan læra av kvarandre, gje kvarandre nye idear og inspirasjon, og samarbeida på tvers av kyrkjelydar og kommunegrenser. Derfor blir det denne helga fokus på å byggja nettverk og skapa nye relasjonar med andre ungdomsleiarar.
NÅR ER VEGKRYSS?
Vegkryss er helga 23.-25. august i St. Jakob kirke i Bergen - Overnatting 4 person rom, med frokost, Scandic hotell Ørnen.
Deltakaravgift
Prisen er 1000 kr per person, og inkluderer alt av program, måltid, snacks og to overnattingar på hotellrom med fleire senger. Det er 200 kr i rabatt til dei to som er representantar med røysterett på Ungdomstinget, slik at deltakaravgifta for dei blir 800 kr. Dersom ein ikkje ønskjer overnatting på hotellet, betaler ein 500 kr per person. Tilsette i kyrkja/vaksenleiarar som følgjer ungdommane på Vegkryss og ønskjer å overnatte på hotell, betaler 500 kr. Tilsette/vaksenleiarar som følgjer ungdommane på Vegkryss utan overnatting, deltek gratis. Det er vanleg at soknerådet dekker deltakaravgifta for dei som skal vere representantar med røysterett, sidan dette er ein offisiell del av kyrkja sitt ungdomsdemokrati. Vi oppmodar også kyrkjelydane til å dekke kostnaden for alle som ønskjer å reise på Vegkryss. Her oppmodar vi også til å setje i gang tiltak som f.eks basar, bingokveld eller bakesalg for å samle inn penger til å dekke deltakeravgiftene. I tillegg vel nokre kyrkjelydar at kollekta frå ei gudsteneste går til å senda ungdomsleiarar på Vegkryss. Ein kan også søka om støtte frå lokale sokneråd, grupper og klubbar.
INNKALLING TIL UNGDOMSTINGET I BJØRGVINLaurdag 24.aug kl 1100 på Scandic Ørnen hotell, Frammøte St. Jakob kyrkje kl 1000,
Di meining og stemme er viktig!
I Bjørgvin Bispedøme har vi eit eige Ungdomsråd som er valt av Ungdomstinget. Ungdomstinget er kyrkja i Bjørgvin sitt ungdomsdemokrati som samlar representantar frå sokna i Bispedømet. Kvart sokn kan sende to representantar med røysterett, det same kan dei kristne barne- og ungdomsorganisasjonane. Ein kan i tillegg sende så mange observatørar ein ønskjer. Representantane med røysterett skal vere mellom 15 og 30 år og må vere medlem av Den norske kyrkja.
Samstundes med Workshops som vil skje under Vegkryss vert det halden UNGDOMSTINGET 2024.
Det er Ungdomsrådet som førebur Ungdomstinget og sakene som skal drøftast på Ungdomstinget. Dette er saker som er viktige for ungdom og som vedgår ungdom som er med i kyrkjeleg arbeid. Vedtaka i sakene som vi jobbar med på Ungdomstinget vil Ungdomsrådet ta med seg vidare til Ungdommens kyrkjemøte.
Under Ungdomstinget skal det også veljast nytt ungdomsråd og ny valkomité. Fristen for å melde kandidatar til Ungdomsrådet 2024/2025 og frist for forslag til kandidatar er sett til klokka 12:00 laurdag 24.august. Her kan anten ungdommar melde seg sjølve som kandidat eller sokna kan sende inn nominasjonar av kandidatar. Alle kandidatar som vert nominert skal vere førespurt og ha takka ja til å verte nominert. Kandidatar skal vere mellom 15 og 30 år og vere medlem av Den norske kyrkja.
Andre sakar som ein ønsker å behandla, skal sendast ungdomsrådet seinast 3 uker før ( 3.august )
----------------------------------------------------------------------------
REGLAR FOR UNGDOMSDEMOKRATIET I BJØRGVIN BISPEDØME
Reglar for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin bispedøme, med utgangspunkt i vedtak på kyrkjemøtet 2020, vedtak på ungdommens kyrkjemøte 2022 og tidlegare mandat for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin.
KAPITTEL 1: FORMÅL
Reglane skal leggje til rette for at unge i alderen 15-30 år kan få medverke i aktuelle sakar regionalt, nasjonalt og internasjonalt i Den norske kyrkja, jf. Kyrkjeordninga §36.
KAPITTEL 2: UNGDOMSTINGET I BJØRGVIN
§1 Generelle avgjerder
Ungdomstingets formål er å samle ungdom til inspirasjon, læring og utveksling av erfaringar.
Ungdomstinget er eit rådgjevande organ for biskopen og bispedømerådet som kan uttala seg i saker som gjeld Den norske kyrkja.
Ungdomstinget vert arrangert kvart år med ungdomsrådet og bispedømet som arrangør. Dato for ungdomstinget skal kunngjerast minst åtte veker før ungdomstinget. Saker som skal handsamast må vere motteke av ungdomsrådet seinast fire veker før ungdomstinget. Ungdomsrådet kan etter eiga vurdering føye til saker som kjem opp etter nemnde frist. Innkalling med dagsorden og sakspapir sendast dei påmelde delegatane seinast to veker før ungdomstinget.
Det blir ført protokoll frå ungdomstinget. Sekretariatet får fullmakt til å rette skrivefeil og å gjere redaksjonelle endringar i protokoll frå ungdomstinget.
Bispedømerådet kan fastsetja nærare reglar om ungdomstinget etter uttale frå ungdomsrådet.
§2 Deltakarar på ungdomstinget
Ungdomstinget i Bjørgvin bispedøme skal bestå av:
a) Inntil to delegatar oppnemnde av kvart av sokneråda i bispedømet. For sokn med meir enn 15 000 medlemar kan det stilla ein ekstra delegat pr 5000 medlem.
b) Inntil to valde delegatar frå kvar av dei organisasjonane som er tilknytte «plattforma Kirkens barn og unge» og som driv ungdomsarbeid og har lokallag i minst eit sokn i bispedømet.
c) Medlemar av ungdomsrådet.
d) Medlemar av bispedømerådet som er under 30 år.
Alle delegatane må vere i aldersgruppa 15-30 år og vere medlem av Den norske kyrkja jf. Kyrkjeordninga §40 første ledd.
Ungdomstinget kan gje gjestar og andre inviterte talerett.§3 Dagsorden for ungdomstinget
§3-1 Opning og konstitusjon
1. Opning ved representant frå ungdomsrådet
2. Val av dirigentskap
3. Godkjenning av innkalling
4. Godkjenning av dagsorden
5. Godkjenning av saksliste
6. Val av referent
7. Val av teljekorps
8. Val av to protokollunderskrivarar
9. Godkjenning av fullmakter
10. Årsmelding frå ungdomsrådet
11. Saksbehandling
12. Val av ny valkomité
13. Val av nytt ungdomsråd
§3-2 Saksbehandling
Ungdomsrådet fastset dagsorden med modell for gjennomføring av saksbehandling seinast to veker før ungdomstinget. Det er mest vanleg å behandla saker gjennom plenum- og komitéarbeid.
§3-3 Val
Det skal veljast valkomité til neste ungdomsting. Valkomiteens medlemar vert valde for eit år om gongen.
Det skal veljast nytt ungdomsråd. Sjå kapittel 3: ungdomsrådet for utfyllande reglar for ungdomsrådet.
KAPITTEL 3: UNGDOMSRÅDET
§1 Generelle avgjerder
Bispedømerådet stiller med ein tilsett-ressurs utan stemmerett i ungdomsrådet. Bispedømerådet kan fastsetja nærare reglar om ungdomsrådet etter uttale frå ungdomsrådet.
§2 Medlemar i ungdomsrådet
Ungdomsrådet skal bestå av seks medlemar i aldersgruppa 15-30 år. Dei skal vere valde av ungdomstinget. Ungdomstinget vel også inntil to varamedlemar til ungdomsrådet.
Ungdomsrådets medlemar vert valde for eitt år om gongen.


