Danseframsyninga FØNIKS av Marit Loe Bjørnstad
Friday 14 June
18:00 – 20:00
Vingarden på Jølst
Jølstravegen 2380, Skei i Jølster, Norge
About the event
Organizer: Vestavin
FØNIKS er ei vandrande utandørs danseframsyning. Verket bygger på myten om Fugl Føniks som brenn ut, døyr og deretter gjenoppstår frå si eiga aske.
Med inspirasjon frå regenerativ dyrking har koreograf Marit Loe Bjørnstad undersøkt korleis jord som metafor for kropp, dans og kunnskap kunne overførast til ein kunstnerisk prosess. Det har resultert i eit vitalt og leikent uttrykk som samtidig gir publikum rom til å dvele ved dansen og landskapet.
Publikum står fritt til å røre seg slik dei ønsker i sceneområdet. Framsyninga passar for alle.
Medskapande dansarar: Brita Grov, Berit Einemo Frøysland, Elisabeth Breen Berger, Katja Nyquist, June Katrine Lysjø
Koreograf og prosjektleiar: Marit Loe Bjørnstad
Kostyme: Natalie Seifert Eliassen
Dramaturg: Gulli Sekse
Produsent: Bergen Dansesenter ved Sølvi Katrine Andersen
Co-produsent: Teater Vestland ved Cecilie Grydeland Lundsholt
FØNIKS er skapt med tilskot fra Norsk Kulturråd, Fond for utøvende kunstnere og Bergesenstiftelsen.
Etter framsyninga vert det samtale mellom koreograf Marit Loe Bjørnstad og vinbonde og gründer Camilla Aasen.
Om Marit Loe Bjørnstad:
Marit Loe Bjørnstad (f. 1983) arbeider som dansar, koreograf og pedagog i Bergen. I arbeidet med dans er ho opptatt av kroppen som bærer og formidlar av kunnskap. I koreografiane nyttar ho ofte enkle sceniske verkemiddel, slik at dansen og det kroppsleg symbolske står sterkast. I år er ho aktuell med utandørskoreografien Føniks, soloen Skuggen under Bergen Internasjonale Litteraraturfestival, som mentor i Bergen Kommunes Mentorordning for yngre scenekunstnarar og som nytt medlem i Fagleg utval for dans i Kulturrådet. Ho er utdanna ved Den Norske Balletthøgskule og Universitetet i Bergen og har tidlegare motteke Kultur-og etableringsstipend frå Bergen Kommune, Kunstnarstipend frå Vestland Fylke og Diversestipend frå Statens Kunstnarstipend.
Til Ytre Årdal:
- Frå Førde/Vassenden: 100 Nordfjordeid, framme kl 1721 og 100 Sandane, framme kl 1852
- Frå Skei/Sogndal: Vy170 Førde, framme kl 1725
- Frå Skei/Nordfjordeid: 100 Førde rutebilstasjon, framme kl 1735
- Til Skei/Sandane: 100 Sandane, avreise 2100
- Til Skei/Sogndal: VY170 Oslo, avreise 2105
- Til Førde/Vassenden: Avreise kl 2120 og 2245