Logo

Burning (2018)

About the event

Organizer: Sunnfjord Filmklubb

Burning (2018)

År: 2018
Regi: Lee Chang-dong
Lengde: 148 min
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: Drama, thriller

I filmen Burning (2018) følger vi Jong-su, ein ung mann som tilfeldigvis møter barndomsvenninna si Hae-mi, ei snodig men sjarmerande dame. Ho ber Jong-su passe på katten hennar medan ho er på ei reise i Afrika, ei oppgåve han velvillig tek på seg. Då ho kjem tilbake, har ho med seg Ben, ein mystisk og karismatisk mann som køyrer Porsche og har ein sofistikert livsstil, i sterk kontrast til Jong-su sitt mykje enklare tilvære.

Etter kvart forsvinn Hae-mi sporlaust, og mistanken fell snart mot Ben. Men dess meir Jong-su granskar og prøvar å finne svar på kva som har skjedd med Hae-mi, dess meir usikker blir han på kva som faktisk er sanninga. Dette set i gong ei indre og ytre jakt på svar som utfordrar forståinga hans av røynda og hans eigne, etter kvart betente, kjensler mot Hae-mi og Ben.

Regissør Chang-dong Lee starta karriera si som forfattar, og regisserte sin første film først når han var i 40-åra med debuten Green Fish (1997). Burning, basert på den kjende japanske forfattaren Haruki Murakami si novelle Barn Burning premierte på filmfestivalen i Cannes i 2018, og var Sør-Korea sitt bidrag til Oscar for beste framandspråklege film. Dette var den første filmen sidan festivalfavoritten Poesi frå 2010, og Chang-dong Lee har markert seg som ein sjeldan, men alltid ekstremt sterk regissør, som med røtene sine djupt nede i det koreanske samfunnet produserer tankevekkjar etter tankevekkjar.

Som forfilm syner vi kortfilmen HM! Produsert av filmklubben sine eigne, som med sitt tematiske gjenklang skal spele på lag med Burning denne stemningsfulle kvelden!

Map displaying event location

Nynorskhuset, Scene 2

Teater Vestland, Storehagen, Førde, Norge