Logo

Næringskonferansen i Flåm

17. oktober kl. 11:30 –

18. oktober kl. 12:30

Fretheim Hotel

Nedre Fretheim 7, 5743 Flåm, Norge

Om arrangementet

Arrangør: Norway's Best AS

For tredje året på rad inviterer Norway’s Best AS til næringskonferanse i Flåm.

Velkomen til Flåm, Norway’s best og Fretheim Hotel og to dagar med inspirasjon, fagleg påfyll og gode samtalar. I år handlar næringskonferansen om Kunstig intelligens og Framtidas leiing.

Konferansier Finn Tokvam vil leie oss gjennom to dagar med spennande tema og engasjerte føredragshaldarar. 

Torsdag 17. oktober - Kunstig intelligens (KI)

Eirik Norman Hansen utfordrar oss til «Å sjå forbi det umiddelbare». Kva vil kunstig intelligens bety for oss menneske, våre organisasjonar og samfunnet vårt?

Mads Christensen (Frivind): «Eit operasjonelt innblikk på korleis ulike bransjar nyttar KI for å forbetre dagleg drift, berekraft og økonomi»

Malin Waage (Vestlandsforsking) «Kunstig intelligens i avlings- og planteproduksjonen i landbruket» - kva kan KI bety for optimalisering og berekraft i landbruket?

Anna Maria Urbaniak-Brekke (Vestlandsforsking) «Berekraftig omstilling av Kongevegen over Filefjell - med teknologi som respons på sesongvariasjoner i reiselivet»

Stig Erik Brekke (Eika) «Oppdatering på den norske økonomien» - korleis står det til med økonomien etter rentesjokket?    

Etter ein dag med mykje teknologi er det mogleg å besøke FjordSauna Flåm og kombinere sauna og bad i verdas vakraste fjordlandskap.

Og før vi samlast til middag møtest vi til aperitif og underhaldning, regissert av Finn Tokvam.  

Fredag 18. oktober - Framtidas leiing

Vi lever i ein verden der teknologi blir meir og meir førande. Derfor spør briten Tim Browne oss om «Are we forgetting the art of communication?»

Silje Guddal og Kjetil Myrland (PwC) «Har vi det bra så gjer vi det bra» – eit bodskap om fokus i leiing i 2024. 

Andrea Opseth (Opseth Invest): «Folka – den viktigaste ressursen» - uavhengig av om du er ung eller erfaren leiar, så handlar det om folka du har med deg. 

Også i år blir det prisutdeling til Årets bedrift og andre kategoriar. Sogn Avis presenterer vinnarane.

Før vi reiser heim med lunsjpakke frå Fretheim Hotel, vil konsernleiar i Norway’s Best Group AS, Per Brochmann, takke for i år og sende med deg nokre ord på vegen heim. 

Det blir sjølvsagt rikeleg tid til mingling, det blir underhaldning og mykje god mat.

Rabattkode for overnatting på Fretheim Hotel: Næringskonferansen2024
Bestill her!

Kart som viser hvor arrangementet foregår