Logo

«Overføring til storskjerm: Livepod: Dømt»

Om arrangementet

Arrangør: NASJONALBIBLIOTEKET

Arrangementet i Målstova er fullteikna, men det er framleis mogleg å oppleve kvelden hos oss! Vi overfører sendinga direkte på storskjerm i andre rom på Nasjonalbiblioteket.

****

Nabokranglar, tjuveri, drap og miskunn med dei fattige.

I høve 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov har Nasjonalbiblioteket laga ein eigen podkast. Her du får høyre om ekte brotsverk og dramatiske menneskeskjebnar med utgangspunkt i historiske rettsdokument frå mellomalderen.  

Denne kvelden inviterer vi til ein direktesend episode av «Dømt – skjebner fra middelalderen» i vakre Målstova. Programleiarane er nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre og historikar Ole-Albert Rønning Nordby. Dei tar utgangspunkt i faktiske domar og rettsdokument frå mellomalderen og tar oss med tilbake i tid for å vise korleis Landslova var med på å forme Noreg.  

Forteljingane blir akkompagnerte av levande musikk.  

Arrangementet er gratis, og du kan strøyme det på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant.

Kart som viser hvor arrangementet foregår

Store auditorium

Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate, Oslo, Norge