Drunken Master (1978) - med ølsmaking!
Thursday 18 April 2024
19:00 – 22:00
Nynorskhuset, Scene 2
Teater Vestland, Storehagen, Førde, Norge
About the event
Organizer: Sunnfjord Filmklubb
Drunken Master (1978)
År: 1978
Regi: Woo-Ping Yuen
Lengde: 117 min
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: Action
Med: Jackie ChanSiu-Tin YuenJeong-lee Hwang
I Drunken Master møter vi Wong Fei-Hung, den ulydige og rampete sonen av ein forretningsmann som hamnar i slåstkampar, flørtar med jenter, og generelt manglar disiplin og struktur i livet sitt. Når han ikkje let seg undervise av far sin i kung fu, blir han som straff sendt vekk for å vere lærling hjå onkelen sin – ein berykta, men alkoholisert meister med sin eigen unike kampstil.
Dette blir starten på ein lang lærdom for Wong Fei-Hung, der han med armar og bein tileignar seg dei åtte hemmelege kampteknikkane til onkelen sin. Det passar godt, for snart får han bruk for desse ferdigheitene når leigemordarar blir sendt etter faren hans.
Året 1978 markerte starten på Jackie Chan si berømmelse i Asia, og seinare verda, når han starta samarbeidet sitt med koreograf og regissør Yuen Woo Ping. På eitt år laga dei to Kung Fu filmar, deriblant Drunken Master – begge actionfilmar fylt til randen med fysisk komedie, og begge med braksuksess. Jackie Chan hadde starta karriera si som stuntmann, men blei fort sementert som ein Kung Fu-helt verda over.
Ølsmaking frå Kvernafossen bryggeri
Til denne filmvisinga tilbyr vi ølsmaking. Det er Røyst Mat & Vin som står for smakinga i samarbeid med Kvernafossen bryggeri.
For dei som bestiller ølsmaking blir det servert fire sortar, med ei kort skildring av kvar før filmen.
Prisen for smakinga er 258 kroner per person. Du bestiller smaking saman med billetten.
Det finst mange ulike alkoholfrie alternativ i baren hos Røyst!