Logo

"Kvinners makt i mellomalderen"

About the event

Organizer: NASJONALBIBLIOTEKET

Korleis levde kvinner i mellomalderen i Noreg? Kva slags makt hadde dei, og kva slags vern hadde dei gjennom lovverket?   

Magnus Lagabøtes landslov av 1274 var godt nytt for norske kvinner. Med denne lova fekk alle kvinner arverett og eit sterkare rettsvern mot vald. Kjelder fortel at kvinner brukte lova for å vinne fram i retten. 

Men det skulle likevel ikkje mykje til for at kvinner blei hardt straffa viss dei tråkka utanfor normer og lover. Dei kunne bli gjort arvelause viss dei gifta seg med nokon andre enn det giftingsmannen gav råd om. Utruskap fekk rettslege konsekvensar. Vi dykkar inn i livet til mellomalderkvinna – for å lære meir om ho som borgar, kone, dotter og rettssubjekt – og har samla nokre av dei fremste forskarane i landet: historikar Miriam Tveit, arkeolog Unn Pedersen og historikar Randi Bjørshol Wærdahl. Ordstyrar for kvelden er redaktør og forfattar Marte Spurkland

Arrangementet er gratis, og du kan strøyme det på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant. 

Map displaying event location

Målstova

Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate, Oslo, Norge