Logo

Håslåttfestivalen 2024

26. juli kl. 11:00 –

28. juli kl. 17:00

Viksdalen

Gaularfjellsvegen 1110, 6978 Viksdalen, Norge

Om arrangementet

Arrangør: Håslåttfestivalen

Håslåttfestivalen starta med ein idé om å setje Viksdalen på kartet.

Ja, ikkje berre Viksdalen, men bygdene i ein større samanheng.  Ei anna drivkraft låg hjå hyttefolk og utflytte viksdølingar som i rein kjærleik ynskte å gje noko attende til bygda i form av eit sommarleg samlings- og KRYSSpunkt. I nært samarbeid med det aktive Viksdalen Nærmiljøråd i bygda og dugnadsvillige bygdefolk, såg Håslåttfestivalen dagslyset for første gong i 2022.

Olsokhelga peika seg ut som eit aktuelt tidspunkt for det som blir kalla ein festival, eller ein sommarlett arena for gode debattar, kulturelle arrangement og rein bygdeglede. Alt hausten 2022 var vi sikre på at Håslåttfestivalen var kommen for å bli. Den blir i år arrangert for tredje gong.

Festivalen har funne si form og sitt konsept, og med ein stor variasjon av arrangementstypar. Ein liten, men effektiv festivalkomité tilbyr i år også 13-14 arrangement på 3 festivaldagar:

- Fredag blir det eit aktuelt samfunnstema presentert. Det blir tradisjonen tru kulturkveld med kåseri og konsert på Bedehuset. Og fjorårets nyskapning, ungdomsfest i festivalteltet, er med. I år med DJ.

- Laurdag formiddag kan vi i år skilte med frukost og landbruksforedrag i festivalteltet.  Det blir også barnearrangement og kunstutstilling. Det blir gjentakelse av «GLAD Ettermiddag» med ulike kulturinnslag, utdeling av Håslåttfestivalprisen, musikk og drøs i festivalteltet. Og på kvelden, sentrumsFEST.

- Søndag blir det festivalgudstjeneste i kyrkja og historisk arrangement om Hetlesaka. Årets festivalavslutning er konsert på Tuftegarden 4H-gard.

Kart som viser hvor arrangementet foregår