Logo

"Overføring til storskjerm: Mellomalderen på 90 minutt"

Om arrangementet

Arrangør: NASJONALBIBLIOTEKET

Mange tenker kanskje på mellomalderen i Noreg som ei tid der alt var mørkt og brutalt, men det stemmer ikkje.

Nasjonalbiblioteket sin historikar Ole-Albert Rønning Nordby gir oss eit krasjkurs i denne fascinerande delen av verdshistoria, som strekker seg frå om lag år 500 til 1500. Han tar oss med inn i ei lys, levande og hendingsrik tid der vi finn spirene til dagens moderne samfunn. Folk var i rørsle, både intellektuelt og fysisk. Nordmenn kryssa landegrenser og hav, og dei henta heim impulsar frå heile Europa. I tillegg fekk vi på denne tida Magnus Lagabøtes landslov, ei lovsamling som gjaldt for heile landet. På denne tida kom dessutan kyrkja til Noreg, og ho starta å prege kvardagen til folk. 

Foredraget er gratis, og du kan strøyme det på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant. 

NB! Dette er billett til overføring til storskjerm i Store auditorium. Ta kontakt med resepsjonist ved adkomst om du vil stå på venteliste til hovudsalen Målstova i 2. etg.

 Sjå heile jubileumsprogrammet her!

Kafeen serverer mellomaldermat i pausen.  

Velkomen!  

Kart som viser hvor arrangementet foregår

Store auditorium

Nasjonalbiblioteket, Henrik Ibsens gate, Oslo, Norge