Overføring til storskjerm av "Feståpning for Landslovjubileet 2024"
Torsdag 1. februar 2024
19:00 – 20:00
Nasjonalbiblioteket
Henrik Ibsens gate, Oslo, Norge
Om arrangementet
Arrangør: NASJONALBIBLIOTEKET
Velkomen til 750-årsjubileet for Magnus Lagabøtes landslov!
Denne billetten gir inngang til overføring på storskjerm i lokala Store auditorium og Slottsbiblioteket i 1. etasje.
Feiringa av dette viktige lovverket blir leia av nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myhre, og han får selskap på scena av professor i rettshistorie, Jørn Øyrehagen Sunde, og filolog Magnus Rindal, som har omsett lova frå norrønt til nynorsk i ei ny praktutgåve. Du får òg høyre utdrag frå den historiske boka, Kim Rysstad skal kvede, og mellomalderensemblet Modus speler musikk.
I 1274 samla kong Magnus Lagabøte heile det norske kongeriket under éi lov. Lova gjaldt i over 400 år, og i denne lova ligg spirene til den norske rettsstaten og ideen om folkeleg medråderett. Landslova står igjen som eit av dei aller viktigaste dokumenta vi har frå norsk historie. Det skal vi feire på Nasjonalbiblioteket gjennom heile 2024, med utstilling, podkast, foredrag og samtalar om kva Landslova har hatt å seie.
Festopninga er gratis, og du kan strøyme ho på nb.no og på Facebook. Opptaket vil òg vere tilgjengeleg på nb.no i etterkant.


