Logo

Seminar: Dei tok oss med i dansen

About the event

Organizer: Noregs Ungdomslag & Norsk senter for folkemusikk og folkedans

Dei tok oss med i dansen

1.-3. mars 2024 arrangerer Norsk senter for folkemusikk og folkedans og Noregs Ungdomslag seminar med dansefordjuping og repertoar for fellesskap og samværsdans i dansetypar med ufortent dårlig rykte. Gjennom seminaret skal vi hylle den store danseformidlaren og innsamlaren Klara Semb, som ville vore 140 år i 2024. Seminaret vil ha ei todelt fordjuping der vi både tek for oss det enkle, og fordjuper oss i avanserte steg og rytmar.
 
Målgruppa for seminaret er kunnskapsrike folkedansarar som ønsker å vite meir om kva slags norsk repertoar dei kan bruke som oppvarmings- og fellesskapsdansar. Seminaret er også for dei som ynskjer å få eit overblikk, og ei fordjuping i noko av dette repertoaret. Seminaret egner seg for folkedansaren og folkedansinstruktøren; både til dei som instruerer barn og unge, og dei som har ein meir vaksen målgruppe.

Program

Seminaret skjer fredag til sundag og vi vil gjerne at du er med heile helga. Vi vil vera samla i felles gruppe, men det blir også moglegheit for nokre parallelle økter ut i frå kva interessefelt dei ulike deltakarane har. Det blir mykje dansing og moglegheit for å dykke ned i spennande detaljar i dansane. 
Laurdag og sundag organiserer vi felles lunsj. Mellom kurs og dansefest laurdag er det moglegheit for felles middag som kvar enkelt betaler sjølv. Meld frå i påmeldingsskjema om du ynskjer å delta.

Førebels tidsramme for helga er slik:
Fredag: 19-21
Laurdag: 09:30-16
Sundag: 10-14

Kan du berre delta deler av helga skal det gå fint, vi har eit eige felt for dette i påmeldingsskjema.

Dansefest!

Laurdag kveld kl. 19 arrangerer vi dansefest i BUL-salen, same lokale som seminaret. Inngangsbillett er inkludert i kursavgifta. Informasjon om denne kjem etter kvart. 

Innleiarar

Du vil møte fleire ulike instruktørar og mentorar gjennom helga. Mellom anna: Vegar Vårdal, Siri Mæland, Tone Erlien Myhrvold, Marianne Dahl, Torbjørn Bergwitz Lauen, Torill Aasegg, Einar Olav Larsen med fleire. 

Påmelding

Påmeldingsfrist er onsdag 14. februar innan kl. 23:55.

For deg over 26 år er prisen 500,- for heile helga, for deg under 26 år eller studentar er prisen 200,-. Dette inkluderer kurs, lunsj og pauseservering samt dansefest. Middag, overnatting og reise sørger kvar enkelt for sjølv. Vi oppmodar til å søke lokal- eller fylkeslag om økonomisk støtte til kurset, eventuelt andre liknande aktørar i ditt område.

Overnatting

Vi har avtale med Quality Hotell Augustin i Trondheim og har reservert rom til denne helga. Du må bestille overnatting sjølv innan 9. februar. Lenke til booking får du på e-post etter påmelding til seminaret.

Spørsmål kan rettast til:
Solveig Brekke Hauknes: solveig@ungdomslag.no
Birgit Haukås: birgit@folkemusikkogfolkedans.no 

Map displaying event location

BUL-salen

Søndre gate 22B, 7010 Trondheim, Norge