Logo

Dune (1984)

Om arrangementet

Arrangør: Sunnfjord Filmklubb

Dune

År: 1984
Regi: David Lynch
Lengde: 137 min
Aldersgrense: 12 år
Sjanger: Sci-fi, Eventyr

Før Denis Villeneuves visjon av Dune-sagaen held fram på kinolerretet, reiser Sunnfjord Filmklubb attende i tid til den fyrste filmutgåva av Frank Huberts verdskjende roman: Dune.

Året er 10 191. Rivaliserande kongehus kjemper om det livsforlengjande krydderet melange, som òg gjer interplanetarisk romfart mogleg. Stoffet finst berre på ørkenplaneten Arrakis — Dune.

Ein strid om makta over denne planeten byrjar og i midtstaden står hertugsonen Paul Atreides, som slår seg saman med planetens innfødde krigarar for å frigjere dei frå eit galaktisk keisardøme.

Filmen frå 1984 vart ingen kassasuksess då den vart lansert og fekk delt velkomst. Her i Noreg gav VG den terningkast fem, medan Dagbladet gav ein.* Vi byr klubbens medlemmar inn for å oppleve ei underleg og spektakulær forteljing med eigne auge, under regi av David Lynch og med musikk spelt inn av gruppa Toto.

Kyle MacLachlan, Patrick Stewart og Sting er somme av mange kjende namn som pustar liv inn i denne episke og nesten hypnotiske spådomen om ei fjern framtid.

* https://www.filmfront.no/utgivelse/1606/dune

Kart som viser hvor arrangementet foregår

Nynorskhuset, Scene 2

Nynorskhuset Førde, Storehagen, Førde, Norge