Logo

Eg har ord // Regissørbesøk

Om arrangementet

Arrangør: Sunnfjord Filmklubb

Bergens Tidende: Dokumentaren «Eg har ord» er ei forbløffande og oppvakt filmoppleving. Den framstår som nerdete og spesifikk ved førsteinntrykket, men viser seg raskt å vere allmenngyldig og open. 6/6 hjarte.

Eg har ord fekk årets Gullflugepris 2023. Dette er Den Norske Dokumentarfilmfestivalens pris for beste nye langdokumentar.

Eg har ord vart tatt ut til den prestisjetunge dokumentarfilmfestivalen CPH:DOX i Danmark

Eg har ord varrt tatt ut til det norske konkurranseprogrammet på HUMAN filmfestival 2023 

Dokumentar

Lengde: 90 minutt

Regi og manus: Runar Gudnason

Aldersgrense: 12 år

Eg har ord er ein musikalsk og humoristisk dokumentarfilm om ord; lyden av ord, meininga av ord, og alt som skjer der imellom. 

Rappartist og regissør Runar Gudnason, kjend som frontfigur i den norske rappgruppa Side Brok, reiser tilbake i tid for å finne ut kvifor han sjølv vart rappar. Han møter tidlege inspirasjonskjelder i Danmark, men finn ut at han også må heim til Hovdebygda i Ørsta og familien sin for å finne svara. 

Gjennom ordleik, rim og ei personleg historie om tilhøyrsle og sakn, undersøker Runar Gudnason språkets løyndomar.

Regissørsamtale

Regissør Runar Gudnason tar turen til Førde for å vere med på filmvisinga. Etter filmen blir det samtale mellom Gudnason og Terje Lyngstad. Lyngstad har også lang erfaring med ord, som mellom anna språkrettleiar ved teateret, forfattar, norsklærar og tidlegare teatersjef. Dette blir eit interessant møte om ord!

Kart som viser hvor arrangementet foregår

Nynorskhuset, Scene 2

Nynorskhuset Førde, Storehagen, Førde, Norge