Instruktørkurs for vidarekomne (folkedans)
3. februar 2024 kl. 09:30 –
4. februar 2024 kl. 15:00
Halli, Bygdelagssamskipnaden (BLS)
Nordahl Bruns gate 22, Oslo, Norge
Om arrangementet
Arrangør: NOREGS UNGDOMSLAG
Oppdatering 18. januar:
Kurset er no fullteikna ut i frå ordinært makstal for deltakarar. Vi undersøker om vi kan utvide med fleire plassar. Ynskjer du å sette deg på venteliste? Send ein mail til solveig@ungdomslag.no, så vil vi svare deg så snart vi veit meir.
---
3.-4. februar inviterer Noregs Ungdomslag til instruktørkurs for erfarne og vidarekomne folkedansinstruktørar. Vi har fått med oss Ami Dregelid og Andreas Berchtold som er dansarar, dansepedagogar og instruktørar innan folkedans.
Om kurset:
Dette er instruktørkurset for deg som ønsker å fordype deg endå meir i instruksjon og formidling av folkedans. Med Ami og Andreas kjem vi til å danse saman for å fokusera på ulike metodar for teknikk og samdans. Du som deltek på kurset får moglegheit til å utforske korleis du som instruktør kan bruke dette i eigen dans og formidle vidare til andre dansarar. Kurset legg opp til refleksjon, erfaringsutveksling og diskusjon.
Målgruppe:
Det er forventa at du som deltek har god instruktør- og danseerfaring innan folkedans og at du er aktiv instruktør og dansar, med eit ønske om å fordype deg i faget.
Om instruktørane:
Ami Dregelid og Andreas Berchtold har i meir enn trettito år arbeidd som instruktørar i mange ulike dansesamanhenger, mellom anna som leiarar for den eittårige utdanninga i folkedans på Eric Sahlström Institutet og på kandidatprogrammet i dansepedagogikk på Stockholms konstnärliga högskola. Dei har via sitt yrkesliv til dans både som utøvarar og pedagogar. Gjennom si undervisning har dei kvar for seg og i lag utvikla folkedans som kunnskapsområde.
”Att få folk att dansa är något av det roligaste vi vet, både på kurs och på det sociala dansgolvet” seier Ami og Andreas.
Program (med atterhald om endringar):
Kurs laurdag 10:00-17:00
Kurs sundag 10:00-15:00
Det blir mykje folkedansprogram i Oslo heile denne veka og helga med dansefestivalen DANS, DANS, DANS, og vi anbefalar alle å få med seg mykje av dette. Informasjon finn du på www.ungdomslag.no. Medlemmer i NU får også rabatt på arrangementa som foregår på Riksscenen. Du kjøper billett direkte hjå Riksscenen til dei arrangementa du ønsker å delta på.
Kurslokale:
Halli, lokala til Bygdelagssamskipnaden (BLS), i Nordal Bruns gate 22, Oslo.
Overnatting:
Har du behov for overnatting ordnar kvar enkelt dette sjølv. Men vi vil anbefale Hotell Bondeheimen som ligg ein liten spasertur frå både kurslokalet og frå Riksscenen (der mykje sosialt og fagleg skjer om kvelden). Medlemmar i Noregs Ungdomslag får 15% rabatt på overnatting ved framvising av medlemskort, ta kontakt på mail/telefon direkte med hotellet for booking.
Prisar og betaling:
Kurspris medlem i Noregs Ungdomslag: 500,-
Kurspris ikkje-medlem: 1000,-
Det er mogleg å betale med kort, Vipps eller faktura, både som privatperson eller som lag/bedrift.
Lunsj, kaffi/te og snacks er inkludert i kursprisen for begge dagar.
OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med solveig@ungdomslag.no før du fullfører påmeldinga.
Reise og mat:
Kvar enkelt organiserer og dekker eiga reise og mat utover lunsj. Det vert i utgangspunktet ikkje organisert felles middag i regi av Noregs Ungdomslag, men det er absolutt moglegheiter for felles måltid dersom fleire deltakarar ynskjer dette.
Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.
Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit begrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er torsdag 18. januar kl. 23.55. Påmeldingsskjema opnar før jul.
MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje returnert.
Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.


