Ankerfest 2024
21 June 2024 18:00 –
23 June 2024 01:00
Kulleseidkanalen Gjestehamn
Kanalvegen 24, Finnås, Norge
About the event
Organizer: Kulleseidkanalen Gjestehamn
Ankerfest 2024
Kast loss, sett kurs og la ankeret gå! Kulleseidkanalen gjestehamn inviterer igjen til Ankerfest 2024 – det blir ein folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamna og på camping, open restaurant og eit yrande folkeliv.
Eit av høgdepunkta denne helga vert utekonserten med Vassendgutane, Pallebandet og FYK (fredag 21. juni) og Pakkers, Queen Tribute show og Nese (laurdag 22. juni).
Kjøp festivalpass, så er du sikra billettar til heile folkefesten!
Overnatting i båt eller camping er berre tilgjengeleg ved førehandsbooking. Vel du festivalpass får du opp moglegheit til å booka plass i hamna eller på campingen.
Konsertane har 18 års aldersgrense. Frå kl 18:00 er restaurant og konsertområde ikkje tilgjengeleg for umyndige. Personar under 25 år må uoppfordra visa legitimasjon.
Fredag 21. juni
.
Vassendgutane
Ein konsert med Vassendgutane er ei unik oppleving. Bandet levera eit show som få andre band i denne kategori kan visa til. Allsongen «runger» i store hallar og på dei store festivalane når bandet spelar.
Stikkord er glede, party og eit band som verkeleg inkludera sitt publikum frå første strofe. Bandet legg stor vekt på kvalitet og det visuelle utrykket. Dei opptrer 100% live. Det blir råning, ungkarar og hjortejakt. Og sjølvsagt slagarane Ungkar med dobbelseng, Granada, Hjortejakt, Longt inne i En Fjord og Skrekkraude Rapala.
Pallebandet
Pallebandet har reist rundt og spelt i Sunnhordland dei siste 20 åra og har dratt på seg ein god del erfaring. Dei spelar mykje kjekk musikk frå Bob Marley til Bon Jovi. Pallebandet spelte på Ankerfest i 2023 til stor suksess, og lovar minst like god stemning i 2024.
FYK
Lørdag 22. juni:
Pakkers
Pakkers - også tidlegare kjent som Matpackers, har reist land og strand og spelt på både små og store scenar, visefestivaler, musikkfestivaler og eigne konsertar. Dette er feststemt folkrock/ americana/countryrock med norske tekstar. Eller ekte sjømannsrock som Pakkers sjølv seier.
Bandet har vore velsigna med gode kritikkar opp gjennom åra. «GLIMRENDE NORSK. Nå er det Hellbillies, Vamp, Vestlandsfanden og - Matpackers det dreier seg om» skrev BA i forbindelse med debuten i sin tid.
Queen Tribute show
Nese