Kristin Valla : Sin eigen stad // litterær salong på Vingarden
Thursday 26 October 2023
20:00 – 21:00
Vingarden på Jølst
Jølstravegen 2380, Skei, Norge
About the event
Organizer: Rom for ord, Vestavin
«Det året jeg fylte førtien kjøpte jeg et hus i landsbyen Roquebrun sørvest i Frankrike. Huset var bare mitt. Jeg kjøpte det til meg selv, for lånte penger.»
Slik byrjar Kristin Valla si forteljing "Egne steder".
Inspirert av Virginia Woolfs klassiske essay "Et eget rom" får vi slå følge når ho legg ut på en reise til Frankrike for å skaffe seg ein stad å skrive. Å forfølge ein draum er risikabelt, som vi veit, men Kristin Valla reiser ikkje aleine.
Ikkje berre har ho Virgina Woolf sin legendariske tekst i handveska til ei kvar tid. I arkiv finn ho dagbøker, brev og notat frå ei lang rekke skrivande kvinner, til trøyst og ny styrke.
Det vart fortalt at Selma Lagerlöf brukte å legge handflatene mot det gamle tømmeret i veggane på Mårbacka når ho stod fast i skrivinga. I vaksen alder kjøpte ho tilbake barndomsheimen som gjekk på tvangssalg i oppveksten. To år seinare fekk ho Nobelprisen i litteratur. For prispengane kjøpte ho tilbake alle jorda som høyrde til garden, dyr, reiskapar og skog. Fjorten familiar budde og arbeidde på eigedommane, no skulle dei også sysselsetjast og forsørgast av forfattaren. «Jeg er så lykkelig» skriv ho i eit brev. «Jeg vet ikke hvor det kommer fra, alt jeg skriver».
Forteljinga om Selma Lageröf og hennar stad på Mårbacka er ei av mange, mange livshistorier vi får sjå innom i desse litterære salongane. Sigrid Undset, Karen Blixen og Halldis Moren har sitt å seie om kor livsviktig det er å ha ein stad på jorda ein kjenner som sin heilt eigen, det same gjeld Alice Walker, Doris Lessing og fleire.
Ikkje minst har romma og husa vi skal vere i, mykje på hjartet om å finne seg stadar å vere skapande i. Vertskapa møter oss med forteljingar og omvisingar i dei fire unike heimane vi får komme inn i på denne bokreisa. Vingarden på Jølst, Munthehuset i Luster, Singerheimen i Olden og Lillingstonheimen i Fjaler er våre rom for ord når vi inviterer til forfattarmøte med Kristin Valla og held litterære salongar om å lengte etter eigne rom å arbeide i og vere skapande frå.
PRAKTISK:
Klokka 1830 startar Stovekonsert: Distriktsmusikarar på ville vegar på Vingarden på Jølst. https://app.checkin.no/event/62884/stovekonsert-distriktsmusikarar-paa-ville-vegar Det er mogleg å kjøpe samla billett til begge arrangementa.
Vingarden på Jølst har ope utsal til 20. Det blir også ope for skjenking av fruktvinar og alkoholfrie drikkevarer utover kvelden.
Dørene til stova opnar kl 1730, så dei som ønsker det kan ta rutebuss til og frå Ytre Årdal:
- Frå Førde/Vassenden: 100 Nordfjordeid, framme kl 1721
- Frå Skei/Sogndal: Vy170 Førde, framme kl 1725
- Frå Skei/Nordfjordeid: 100 Førde rutebilstasjon, framme kl 1735
Retur:
- Til Skei/Sandane: 100 Sandane, avreise 2100
- Til Skei/Sogndal: VY170 Oslo, avreise 2105
- Til Førde/Vassenden: Avreise kl 2120