Veikryss 2023 - Inspirasjonssamling for ungdom - Ungdomstinget i Bjørgvin
18 August 2023 18:00 –
20 August 2023 13:30
St Jakob kirke - Jonas Reins gate 2, 5008 Bergen, Norge
About the event
Organizer: Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Velkommen til Vegkryss og Ungdomstinget 2023!
Nøkkelfakta
Kva er Vegkryss: Ei inspirasjonssamling for ungdom frå 10.klasse og eldre
Kva er Ungdomstinget: Kyrkja sitt ungdomsdemokrati. Her kan alle sokn og organisasjonar tilknytt kyrkjens Unge plattformen sende to representantar kvar i alderen 15 til 30 år som har røysterett. Representantane må vere medlem av kyrkja. Ein kan sende så mange observatørar som ein ønskjer.
Dato: 18.-20.august 2023
Oppstart fredag: Innsjekk frå kl.18:00, første programpost startar kl. 19:30.Avslutning søndag: Heimreise frå ca. kl. 13:30, etter kyrkjekaffien.
Lokasjon: St. Jakob kyrkje i Bergen sentrum
Overnatting: Scandic Ørnen
Early bird påmeldingsfrist: 25. juni 2023
Siste påmeldingsfrist: 9 .august 2023
Vegkryss er ei inspirasjonssamling som blir arrangert helga 18.-20.august av Bjørgvin Bispedøme. Målgruppa for inspirasjonssamlinga er alle ungdommar som er frå 10.klasse og oppover som er med i ungdomsarbeidet i ei kyrkje i Bjørgvin bispedøme.
Vel møtt til ei helg som skal byggje fellesskap, gi påfyll og inspirasjon, skape engasjement og knytte vennskap på tvers av ungdomsarbeidet i dei ulike sokna. Her får du oppleve å vere ein del av noko større og møte andre ungdommar som er med i kristent ungdomsarbeid. Vi kan love ei helg fylt med song, musikk, inspirerande og fengande forkynning, workshops, gode diskusjonar, leik, moro, god mat og sosialt samver saman med nye vennar. På Ungdomtinget får du lære om og delta i kyrkja sitt ungdomsdemokrati. Her vert det arbeid i både mindre grupper og plenumsdebatt.
På fredagen er det innsjekk, eit varmt måltid og ei velkomstsamling. Vi avsluttar kvelden med ei kveldsavslutning. På laurdagen blir det både workshops/seminar, første samling for dei ungdommane som har meldt seg på leiarkurs som KFUK-KFUM Bjørgvin arrangerer, Ungdomsting og underhaldningskveld. Vi avsluttar kvelden med kveldsavslutning. På søndagen feirar vi gudsteneste saman med kyrkjelyden i Johanneskirken.
Rammeprogram
(med atterhald om mindre endringar)
Fredag:
Innsjekk frå kl. 18:00 på hotellet
19:00 Avgang frå hotellet til St. Jakob kyrkje
19:30 Velkommen, varm kveldsmat og bli kjent
21:30 Kveldsavslutning
22:00 Avgang til hotellet og innsjekk for dei som har kome direkte til kyrkja
Laurdag:
Frå kl. 08:00 Frukost på hotellet
09:30 God morgen Vegkryss - Møte med biskop Ragnhild
11:00 Aktivitetar/workshops/ leiarkurs (MILK Bjørgvin og LIV-kurs)
12:00 Lunsj, mingletid og utandørsaktivitetar
13:00 Ungdomstinget
17:30 Middag og fritid
19:30 Kampkveld og sosialt
21:45 Kveldsavslutning
22:15 Avgang til hotellet
Søndag:
Frå kl. 08:00 Frukost på hotellet
09:30 Felles avgang frå hotellet til Johanneskirken
10:00 Øve til gudsteneste
11:00 Gudsteneste
12:15 Kyrkjekaffi og deretter heimreise
INNKALLING TIL UNGDOMSTINGET I BJØRGVIN LØRDAG 19.aug kl 1300
Di meining og stemme er viktig!
I Bjørgvin Bispedøme har vi eit eige Ungdomsråd som er valt av Ungdomstinget. Ungdomstinget er kyrkja i Bjørgvin sitt ungdomsdemokrati som samlar representantar frå sokna i Bispedømet. Kvart sokn kan sende to representantar med røysterett, det same kan dei kristne barne- og ungdomsorganisasjonane. Ein kan i tillegg sende så mange observatørar ein ønskjer. Representantane med røysterett skal vere mellom 15 og 30 år og må vere medlem av Den norske kyrkja.
Alle ungdommane som samlast på Vegkryss utgjer ungdomstinget. Det er Ungdomsrådet som førebur Ungdomstinget og sakene som skal drøftast på Ungdomstinget. Dette er saker som er viktige for ungdom og som vedgår ungdom som er med i kyrkjeleg arbeid. Vedtaka i sakene som vi jobbar med på Ungdomstinget vil Ungdomsrådet ta med seg vidare til Ungdommens kyrkjemøte.
Under Ungdomstinget skal det også veljast nytt ungdomsråd og ny valkomité. Fristen for å melde kandidatar til Ungdomsrådet 2023/2024 og valkomiteen 2024 er sett til klokka 10:00 laurdag 19.august. Her kan anten ungdommar melde seg sjølve som kandidat eller sokna kan sende inn nominasjonar av kandidatar. Alle kandidatar som vert nominert skal vere førespurt og ha takka ja til å verte nominert. Kandidatar skal vere mellom 15 og 30 år og vere medlem av Den norske kyrkja.
Andre sakar som ein ønsker å behandla, skal sendast ungdomsrådet seinast 3 uker før ( 29.juli ) Sjå reglar for ungdomsdemokratiet neders på denne sida.
Deltakaravgift
1000 kr. per person som inkluderer alt av program, måltider, snacks og to overnattingar på hotell i fleirsengsrom.
Det blir gitt 200 kr i rabatt til dei som er representantar med røysterett på Ungdomstinget, slik at deltakaravgifta for dei er på 800 kr.
Dersom nokon ikkje ønskjer overnatting på hotellet, betaler ein 500 kr per person.
Tilsette i kyrkja/ vaksenleiarar som følgjer ungdommane på Vegkryss og ønskjer å overnatte på hotell, betaler 500 kr. Inga deltakaravgift for tilsette/ vaksenleiarar som følgjer ungdommane på Vegkryss utan overnatting.
Det er vanleg at soknerådet dekker deltakaravgifta for dei som skal vere representantar med røysterett, sidan dette er ein offisiell del av kyrkja sitt ungdomsdemokrati. Vi oppmodar også kyrkjelydane til å dekke kostnaden for alle dei som ønskjer å reise på Vegkryss.
Workshops/aktivitetar
I påmeldinga til Vegkryss vel deltakarane kva workshopsaktivitet dei vil delta på laurdagsføremiddag. Her legg ein inn første og andre val då ein del av aktivitetane har begrensa plassar.
På laurdag kan deltakarane velje mellom følgjande workshops:
Amazing (G)race
Bli med Sjømannskyrkja på Amazing (G)race, som er eit alternativt rebusløp som går ut på å oppdage Gud på nye stadar i lokalmiljøet. Bli med på ein konkurranse i Bergen sentrum.
Ta med: Klede til å vere ute i - sjekk vêrmeldinga.
Dans
Kriblar det i føtene når du høyrer ein god danselåt? Meld deg på dansegruppa og lær deg nye moves og koreografi. Her vil du få mogelegheit til å lære av andre og ein instruktør, og saman sette opp ein koreografi til ein låt. Dansen framførast under gudstenesta søndag.
Ta med: Drikkeflaske, klede som er gode til å bevege seg i.
Først kven, så kva - korleis skape eit ungdomsarbeid som fengjar og fungerer?
Dette er workshopen for deg som brenner for at ungdomsarbeidet i kyrkja di skal vere heilt fantastisk og ønskjer å lære meir om metodikken “Først kven, så kva” som KFUK-KFUM bruker i sitt arbeid med og for barn og unge. “Først kven, så kva” handlar om å ta målgruppa på alvor, skape aktivitetar som målgruppa sjølv ønskjer og legge til rette for ung medverknad og samskaping.
“Grådighetsbekjempere”
Er det slik at andre er fattige fordi vi er rike? Kva påverkar rettvis fordeling av ressursar og gode i verda? Korleis kan vi ta betre og meir miljøvennlege val i kvardagen? Kva kan vi gjere for å vere med å skape ei betre verd? Kom og bli med på workshop med NMSU for å lære meir om klima, rettferd og miljø i kvardagen.
Ta med: skrivebok og penn.
Kampkveld
På laurdagskvelden skal vi ha kampkveld for alle. Har du både konkurranseinstinkt og lagånd? På denne gruppa får du lære litt om underhaldningskonseptet "Kampkveld" som ofte er ein stor hit på leir. Du får også vere med å førebu kampkvelden som skal vere seinare på laurdagen, der vi førebur utstyr, klargjer lokalet og gjer dei siste førebuingane av konkurransane.
LIV-kurs
Har du meldt deg på KFUK-KFUM Bjørgvin sitt LIV-kurs? Då er dette workshopen som du skal delta på. Dette er første samling på KFUK-KFUM Bjørgvin sitt LIV-kurs. Vi vil verte litt betre kjent med kvarandre og tema for samlinga er “Meg som leder i et fellesskap”. Her møter du ulike oppgåver om samarbeid, gruppedynamikk og sjølvleiing. Workshopen er også open for andre som ønskjer å delta og går på leiarkurs i regi av andre organisasjonar eller lokalt i eigen kyrkjelyd.
MILK Bjørgvin
Har du meldt deg på KFUK-KFUM Bjørgvin sitt MILK-kurs? Då er dette workshopen som du skal delta på. Her får du første samling på MILK-kurs, “Vær deg selv”. Her vert vi betre kjent med kvarandre og Workshopen er også open for andre som skal gå på MILK i sin kyrkjelyd dersom kyrkjelyden ønskjer å sende sine MILK-arar på denne workshopen og får dermed dekka eit av kurs-temaene.
Religionstoleranse og religionsdialog
Korleis kan vi møte og samhandle med andre som har eit anna livssyn eller annan religion enn oss sjølve? Korleis møte med kvarandre med toleranse og respekt når meningane våre er ulike og ikkje er vi ikkje blir samde om felles løysning og forståing? Bergen Kirkelig Dialogsenter står for denne workshopen og vil gi nokre gode tips til gode samtaletenikkar og dialog i situasjonar der ein samtale er vanskeleg.
Ten Sing (band/vokal)
Liker du sang og musikk? Kanskje speler ut eit instrument eller liker å synge? Då er dette gruppa for deg.
Uteaktivitetar
Liker du å vere ute og vere i fysisk aktivitet? Då er dette aktiviteten for deg. Her blir det både leik og moro og mogelegheit for lett ballspel. Vi har med litt diverse ballar, kubb, ringspill, boccia og frisbees. Vi tar mest truleg turen bort i Nygårdsparken. Det er ikkje dusjmogelegheit i kyrkja så det vert ikkje lagt opp til intensiv idrettsaktivitet.

----------------------------------------------------------------------------
REGLAR FOR UNGDOMSDEMOKRATI I BJØRGVIN BISPEDØME
Reglar for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin bispedøme, med utgangspunkt i vedtak på kyrkjemøtet 2020 og tidlegare mandat for ungdomstinget og ungdomsrådet i Bjørgvin.
§ 1. Formål : Reglane skal leggje til rette for at unge i alderen 15–30 år kan få medverke i aktuelle
sakar regionalt, nasjonalt og internasjonalt i Den norske kyrkja, jf. kyrkjeordninga § 36
§ 2 UNGDOMSTINGET I BJØRGVIN
Ungdomstinget i Bjørgvin bispedøme består av:
a) Inntil to representantar oppnemnde av kvart av sokneråda i bispedømet, for sokn med meir enn
15000 medlemar, kan det stilla ein ekstra kandidat pr 5000 medlemar.
b) inntil to valde representantar frå kvar av dei organisasjonane som er tilknytte «plattforma Kirkens
barn og unge» og som driv ungdomsarbeid og har lokallag i minst eit sokn i bispedømet.
c) medlemar av ungdomsrådet
d) medlemar av bispedømerådet som er under 30 år.
Alle representantane må vere i aldersgruppa 15-30 år og vere medlemer av Den norske kyrkja ( jf
kyrkjeordninga §40 første ledd )
Ungdomstingets formål er å samle ungdom til inspirasjon, læring og utveksling av erfaringar.
Ungdomstinget er eit rådgjevande organ for biskopen og bispedømerådet som kan uttala seg i saker
som gjeld Den norske kyrkja.
Ungdomstinget vert arrangert kvart år med ungdomsrådet som arrangør.
Dato for Ungdomstinget skal kunngjerast minst 4 veker før ungdomstinget. Saker som skal
handsamast, sendast til ungdomsrådet seinast 3 veker før ungdomstinget. Innkalling med dagsorden
og sakspapir sendast dei påmelde delegatane seinast 1 veke før ungdomstinget.
Dagsorden for ungdomstinget:
-Opning ved representant frå Ungdomsrådet
-Val av møteleiar/møteleiarar – Denne/desse treng ikkje vere delegatar
-Val av referent
-Godkjenning av innkalling og dagsorden
-Godkjenning av fullmakter
-Val av teljarkorps
-Val av to protokollunderskrivarar
-Årsmelding frå ungdomsrådet
-Innkomne saker
-Val av nytt ungdomsråd
-Val av valkomité
Ungdomstinget kan vedta talerett for andre enn delegatar.
Bispedømerådet kan fastsette nærare reglar for ungdomstinget
§ 3 UNGDOMSRÅDET ( UR )
UR består av seks medlemar i aldersgruppa 15–30, valde av representantane på ungdomstinget.
Ungdomstinget vel også inntil to varamedlemar til ungdomsrådet.
Alle representantar vert valde for eitt år om gongen.
Val av leiar og nestleiar skjer ved fyrste ordinære møte etter ungdomstinget.
Ungdomsrådets oppgåver:
UR er eit rådgjevande organ for biskopen og bispedømerådet i saker som angår i kyrkje og samfunn,
spesielt det som vedkjem ungdom.
UR skal førebu og følgje opp dei saker som skal handsamast av ungdomstinget.
UR kan også på eige initiativ ta opp aktuelle saker innanfor sitt område.
UR skal arbeide for samarbeid mellom dei ulike ungdomsmiljøa i bispedømet og leggja til rette for
fellesarrangement.
UR følgjer opp saker frå Ungdommens kyrkjemøte ( UKM ) og «Den norske kyrkes ungdomsutval» (
DNKU)
UR vel to representantar frå ungdomsrådet til UKM.
UR vert innkalla minst ein gong pr år til eit møte med bispedømerådet
Bispedømet stiller med ein tilsett-ressurs utan stemmerett i UR
Bispedømerådet kan fastsetja nærare reglar om ungdomsrådet etter uttale frå ungdomsrådet.
Vedteke på Ungdomstinget i Bjørgvin 14.august 2021