Villmathelga - introkurs i etande ville vekstar
2 June 2023 17:03 –
4 June 2023 22:03
Fjordly Ungdomssenter
Holmevegen 28, Bryggja, Norge
About the event
Organizer: Fjordly Ungdomssenter/Nyttevekstforeninga i Ålesund
Varmt velkommen til Villmathelga 2-4.juni.
Er du glad i å lage mat? Naturen har gjeve oss eit fantastisk smakfullt mangfald av etande ville nyttevekstar. I mai/juni er det høgsesong for sanking av grøne godbitar. Denne helga er for deg som har lyst å lære om kva slags ville delikatesser som veks her i nordfjordsområdet og korleis bruke desse i matlaginga.
Som kursinstruktør har vi gleden av å ha med kokkeentusiast, nyttevekstleiar og soppsakkyndig frå nyttevekstforeininga i Ålesund: Wenche Eli Johansen. Ei sprelsk dame som sprudlar over av engasjement og entusiasme for å spreie kunnskap om nyttevekstar og bruk av desse.
Programmet er enkelt og greitt; Lære, sanke, lage, ete.
Fredagen går til matprat, bli kjent og grunnleggjande teori om sankevett og vekstar. Laurdagen går med til ekskursjon, sanking og laging av ulike rettar til eit festmåltid med vekstar frå skog, beitemark og hagesone. Søndagen tek vi ville grøne vekstar i strandsona.
Fredag:
17.30: Innsjekk og kveldsmat
18.30: Grunnleggjande teori-del om etande ville nyttevekstar, sankevett og bruksmetodar.
21.00: Peiskos m/ kake og kaffi
Laurdag:
09.00 Frukost m/ nistesmøring
10.00 Ekskursjon i skog og mark for sanking og læring.
Pause
Grupper: Villmat på kjøkkenet! - matlaging av det vi sanka, smake og prate.
18.00: Middag med ville vekstar i menyen
Utstilling av ulike artar, erfaringsdeling og sosialt
20.00 Peiskos m/ kake og kaffi
Søndag:
09.00Frukost m/ nistesmøring
10.00 Ekskursjon til strandsona for sanking og læring
Grupper: Villmat på kjøkkenet! - matlaging av det vi har sanka
15.00 Strandsone-lunsj med maritimt preg og avslutning
16.00 Vel heim!
Læringsmål: Villmathelga skal oppmuntre til tur i skog og mark. Den gjev aukt naturkunnskap og -omtanke, samt kompetanse i å lage smakfulle rettar frå det ein sankar i naturen.
Aldersgrense: Villmathelga er eit kurs som passar for den som har lyst å lære om temaet. Unge interesserte er velkomne, men born under 15 år må ha med vaksen.
Ta med til ekskursjonen
- Korg
- Lita bøtte (som gjerne passar i korga)
- Plastboks
- Små flasker m.kork
- Små glas (eks. Slike som ein får tacosaus på)
- Saks
- Strikk
- Tape
- Hagesaks
- Merketusj
- Korg
- Hanskar
- Skrivesaker
-
Ein må ha med turtøy og tursko/støvlar som tek høgde for vérforholda, og gjerne et lite sitteunderlag for hygge og komfort.
- Toalettsaker. (Ein treng ikkje ta med sengetøy eller håndkle)