Håslåttfestivalen 2023
28 July 2023 11:00 –
30 July 2023 17:00
Viksdalen
Viken Viksdalen, Viksdalen, Norge
About the event
Organizer: Håslåttfestivalen
Håslåttfestivalen 2023
Viksdalen, 28. - 30. juli 2023
Årets Håslåttfestival går av stabelen i Viksdalen, Olsok-helga 28. - 30. juli.
Håslåttfestivalen starta med ein idé om å setje Viksdalen på kartet. Ja, ikkje berre Viksdalen, men bygdene i ein større samanheng. Ei anna drivkraft låg hjå hyttefolk og utflytte viksdøler som i rein kjærleik ønskte å gje noko attende til bygda i form av sommarleg samlingspunkt. I nært samarbeid med det aktive nærmiljørådet i bygda og dugnadsvillege bygdefolk, såg Håslåttfestivalen dagslyset for første gong i 2022. Olsokhelga peika seg ut som eit aktuelt tidspunkt for det som blir kalla ein festival, men kanskje betre er skildra som ein sommarlett arena for gode debattar, kulturelle arrangement og rein bygdeglede.
Det blir ein aktuell debatt på skulen, det blir kåseri- og kulturkveld på Bedehuset, det blir sentrumsfest i Vikja - og det blir festivalavslutning med konsert på Flatheim. I tillegg kan vi i år skilte med fest for ungdommen i Vikja fredag, ulike aktivitetar laurdag føremiddag, ettermiddagsdrøs i Vikja med ulike kulturinnslag og festivalgudsteneste i kyrkja søndag.