Ankerfest 2023
23. juni 2023 kl. 09:00 –
25. juni 2023 kl. 02:00
Kulleseidkanalen Gjestehamn
Kanalvegen 24, Finnås, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Kulleseidkanalen Gjestehamn
Ankerfest 2023
Kast loss, sett kurs og la ankeret gå! Kulleseidkanalen gjestehamn inviterer til Ankerfest 2023 – det blir ein folkefest, med svært ettertrakta artistar, liv i hamn og på camping, open restaurant og eit yrande folkeliv.
Høgdepunkta denne helga vert utekonsertane med Vidar Villa (fredag 23. juni) og Staut (laurdag 24. juni). Me får også god stemning utanom konsertane, då DJ Hassan frå Stockholm og DJ Karl frå Bergen (fredag) og Pallebandet med Tom Wagtskjold (laurdag) held den gode stemninga ved like til langt ut i dei seine - og lyse - nattetimar!
Kjøp festivalpass, så er du sikra billettar til heile folkefesten!
Overnatting i båt eller camping er berre tilgjengeleg ved førehandsbooking. Vel du festivalpass får du opp moglegheit til å booka plass i hamna eller på campingen.
Konsertane har 18 års aldersgrense. Frå kl 18:00 er restaurant og konsertområde ikkje tilgjengeleg for umyndige. Personar under 25 år må uoppfordra visa legitimasjon.
Fredag 23. juni: Vidar Villa
Vidar Villa er ein av dei største norskspråklege artistane, med snart 100 millioner streams på Spotify og utselde konsertar over heile landet dei siste åra.
Sjekk ut superhiten 'One Night Stand' som låg i toppen av VG-lista og Spotify. Han har fått fleire gull- og platinatrofé, og har også vore med i Farmen Kjendis.
Vidar og resten av bandet fokuserer på humoristiske tekstar og fengande popsongar med kassegitar og akustisk perkusjon i sentrum.
Laurdag 24. juni: STAUT
Staut har både gullplater og førsteplass på albumlista å vise til, samt ei fleire år lang turnéliste med eit antal konsertar få andre band i Norge kan matcha. Kritikarane trillar femmarar og kalla det siste albumet «Makalaust» for «Feiande flott folkrock».
Med kombinasjonen av fengjande melodiar, sterke og gode tekstar, dyktige musikarar og eit voldsomt driv og energi på scenen kan me venta oss ei fantastisk oppleving denne sommarkvelden i Kulleseidkanalen.
Me satsar på at den populære songen «Sjå sole» vil passa godt denne sommardagen i Kulleseidkanalen!