Årets juletreff for næringslivet i Sunnfjord
Onsdag 7. desember 2022
16:30 – 23:00
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Scandic Sunnfjord, Storehagen, Førde, Norge
Om arrangementet
Arrangør: FINS
Til medlemmer av Førde Industri og Næringssamskipnad (FINS)
FINS inviterer til julemøte onsdag 7. desember kl 17.00.
Der får du høyre innlegg frå Nordic Mining, Initiativ Vest og Sparebanken Vest. Deretter tar vi ein hyggeleg julemiddag, før vi avsluttar kvelden med konsert med Ingrid Olava kl 20.30.
Vi møtest på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, onsdag 7. desember kl 17.00.
Her er komplett tidsskjema:
17.00 – Ute i fjorden jobbar tilsette i fleire selskap i Sunnfjord kvar dag for å realisere det største nye industriprosjektet på mange år. Korleis går det? Kor mange er i arbeid? Når blir dei første nye faste stillingane lyste ut? Kva slags folk treng dei? Kenneth Nakken i Nordic Mining gir deg status om gruveprosjektet på Engebø, og korleis planane er fram til full drift av gruva.
17.30 – Kva er den største utfordringa til vestlandet dei komande åra? Mangel på arbeidarar ja, men kva med mangel på samarbeid på tvers av kommunar og regionar, eller? Mathias Fischer er nytilsett som leiar i tankesmia Initiativ Vest. Han er tidlegare kommentator i TV2 og BT og statssekretær i Regjeringa til Erna Solberg. No kjem han til juletreffet i Førde.
18.00 – Sparebanken Vest har hatt ei solid utvikling og gjer det godt på fleire bankbarometer i Norge. Storbanken på Vestlandet har god oversikt over stoda i næringslivet langs kysten vår. Korleis er status i dag og kva gøymer seg bak dei mørke skyene? Høyr Kjetil Patrick Benson, leiar i Markets i SPV.
18.30 – Julemiddag,inkludert refleksjonar frå stortingsrepresentant Olve Grotle
20.30 – Konsertstart, Ingrid Olava
NB: Rekkefølgje på programpostane kan bli endra.