Syklar til Cuba
8. november 2022 kl. 08:30 –
25. november 2022 kl. 16:00
Pedalen sykkelverksted
Daniel Hansens gate 7, Bergen, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Bjørgvin bispedøme
Vil du gi ein sykkel til Den lutherske kyrkja på Cuba?
Bjørgvin bispedøme sender ein container til Cuba i haust der det bl.a. skal vera med 25 syklar. På bildet ser du biskop Halvor Nordhaug og vår Cuba-kontakt, rådgjevar for internasjonal diakoni, Kjell Ove Hatlem. Dei har besøkt landet og har god kontakt med Den lutherske kyrkja på Cuba. Det er veldig store behov i dette fattige landet. Det er mangel på både pengar og varer, så alt vi sender av det som står på ønskjelista til Den lutherske kyrkja i landet, vil vera til glede og nytte. Kyrkja har eit godt kontaktnett som kan ta imot og fordela det som kjem.
Frakta av containeren er betalt av Den norske ambassaden, men vi må fylla den med syklar og ei rekkje andre varer.
Syklane skal bl.a. brukast av tilsette i kyrkja og vil gjera arbeidsdagen meir effektiv.
Lever sykkelen til kontroll på Pedalen sykkelverksted så snart som mogeleg i tidsrommet 8. - 25. november.
Adresse: Daniel Hansens gate 7, 5008 Bergen
Telefon: 926 86 742
Tidsrom: Tirsdag 8. nov. - fredag 25. nov.
Tirsdag og onsdag: 08:30 – 17:00
Torsdag: 08:30 – 18:00
Fredag: 08:30 – 16:00
Merk sykkelen "CUBA" og gje ditt namn og tlf.nr til Pedalen. Vis samtidig billett frå Checkin.
Betal 350 kr til Pedalen for kontroll og godkjenning.
Service kostar i snitt kr 1000,- i tillegg. Om du evt. er villig til å betale det også, så vipps til 96005 og merk med prosjektnr. 351002 og "sykkel".
Takk!