Logo

«Viser og slikt» - ein intimkonsert med Helge Johnsen og Ove Mjåtveit

Fredag 4. november 2022

18:30 – 23:00

Vingarden på Jølst

Jølstravegen 2380, Skei, Norge

Om arrangementet

Arrangør: Vestavin

Songane og poesien vi tek med oss denne kvelden, ber fingeravtrykk av bygdene og vårt vestlandske lynne: Litt blått, litt grisgrendt, lukt av mold og smak av sjø. Og så er det denne lengten vi menneske har som følgjesvein; han bur mellom verselinene, saman med kjærleiken, vemodet og humorens solstrålar; dei som bryt gjennom og varmar når livet kjenst brattlendt og skydekket er lågt. Signa vere dei.

Slik skildrar Helge Johnsen programmet han og Ove Mjåtveit har sett saman til intimkonsert på Vingarden på Jølst fredag 4. november. 

I ungdomsåra sine var Helge Johnsen del av den store visebølga på 1970-talet, men i dei tre tiåra han var journalist i avisa Firda heldt han songane og poesien sin i bakgrunnen. No er han ute av presseyrket og har lagt hardtslåande intervju med makthavarane bak seg. I staden har han henta fram gitaren og teke opp att visesongen i eit samarbeid med kontrabassisten Ove Mjåtveit.

To konsertar dei har halde i Førde og i Bremanger har fått både godt besøk og god mottaking. No blir det høve til å høyre dei i Jølster, når dei stiller med «Viser og slikt» – eit utval songar som i stor mon bygger på Helges tekstar. Somme såre og vare, andre med eit humoristisk glimt, akkurat som livet sjølv. 

PRAKTISK INFORMASJON
Dørene til stova på Vingarden på Jølst opnar 1830.
Konserten startar kl 1930 og varer i ca ein time. Deretter blir det open vingard utover kvelden til dørene stenger klokka 23. 

Det blir høve til å kjøpe seg ymse godt i glaset gjennom kvelden, med eller utan alkohol. 

Konserten vert halden i den lune stova på garden. Dette er ein intimkonsert og det blir berre lagt ut 30 billettar. 

TRANSPORT
Rutebuss frå Førde/Vassenden:
Buss 100 Sandane/Anda
Førde rutebilstasjon kl 18:15 - Vassenden kl 18:35 - Ytre Årdal kl 18:52

Retur med rutebuss til Vassenden/Førde:
Buss 100 Førde
Ytre Årdal kl 21:23 - Vassenden kl 21:35 - Førde rutebilstasjon kl 20:00
Buss VY170 Førde
Ytre Årdal kl 22:50 - Vassenden kl 23:05 - Førde rutebilstasjon kl 23:27
Kart som viser hvor arrangementet foregår