Drømmen om et tre - Eit møte med Maja Lunde
Monday 26 September 2022
18:00 – 20:00
Åsane Kulturhus, Åsane Senter, Ulset, Norge
About the event
Organizer: Økologisk Bergen
Drømmen om et tre - eit møte med Maja Lunde
Måndag 26. september kl. 18-20, Åsane kulturhus
Med «Drømmen om et tre» avsluttar Maja Lunde eit av dei store romanverka i nyare norsk litteratur. Meir enn fire millionar selde bøker på 40 ulike språk peikar mot kor vesentlege tema ho tek opp og kor aktuelle dei er, for heile verdssamfunnet. Forteljingane stiller spørsmål som vi i vår samtid strevar med å svare på: Kvifor blei mennesket den arten som endra alt? Fortjener vi å vere herre over naturen? Er vi sjølve ein trua art?
I den fjerde og siste boka i kvartetten om natur og menneske vert vi kjende med Tommy som veks opp i det brutale landskapet på Svalbard om lag nitti år fram i tid. Djupt inne i fjellet ligg eit frøkvelv, med frø frå alle verdshjørne. Farmora vaktar kvelvet. Tommy og dei to brørne hans gjer alt for henne. Å overleve sør for Nordpolen er krevjande, men det vesle samfunnet har funne si form og lever i pakt med naturen.
På same tid, langt borte lever Tao på minna over sonen Wei-Wen, som ho mista for tolv år sidan. Ho svelt, som resten av folket, i ein skrinn, artsfattig og utarma natur. Alt endrar seg den dagen Tao blir bedt om å leie ekspedisjonen mot nord. Målet er Svalbard og frøkvelvet.
Møt Maja Lunde i samtale med journalist og fotograf Line Hårklau.