Trøkk n' Truck 2022 - Bedriftsalg
4 August 2022 18:00 –
7 August 2022 02:30
Øyrane 17, 6800 Førde, Norge
About the event
Organizer: TNT Førde AS
TRØKK N' TRUCK 2022
4. - 6. august
Ankerløkken, Førde
JAAAAA Trøkk n’ Truck kan være litt seine
Men når vi kjem som kjem vi jaggu godt og med mykje
NYDELIGE BILAR & HERLIGE FOLK
Velkommen til TIDENES Trøkk n’ Truck i år!
Artistliste Trøkk n ‘Truck Hovudartistane er på plass, og festival-lineupen så godt som klar. Her presenterer vi årets artistar på Trøkk n’ Truck.
Torsdag
Hagle
Country-rap bandet Hagle kom som eit skot ut av Indre Østfold på tampen av 2020 og har sidan halde fram på signingsferda gjennom Norge: Med over 60 millionar streamingar, eit utal opptrednar på fjernsyn, avslutningsshowet på VG og hyppig speling på radio er det nesten umogleg å ikkje legge merke til Hagle i den norske offentlegheita om dagen. Låtane handlar om rånemiljøet og den lokale bygdekulturen der dei vaks opp. Deira unike blanding av banjo, fele, trekkspel og rap har blitt omfamna av heile landet, og alle singlane til bandet har toppa lista på Spotify. Dei første låtane deira vart plukka opp av NRK-serien Rådebank, og fleire av låtane er sidan blitt brukt i diverse tv-program. Dette er musikk for deg med veteranbil med stort anlegg, som føretrekk tresko framfor sneakers og som set allsong i framsetet.
Fredag
Ausekarane
RAMSALT KYSTMUSIKK PÅ FULLT!!Det er ikkje utan grunn at Ausekarane - med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen - har herja revy- og konsertscener på Vestlandet i mange år. For dette er fengande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar. Med eit konsert- og revyrepertoar som garantert får publikum med på notane og med i dansen, greier Ausekarane å få sjølv den stillaste forsamling med på allsong. Lattermusklane får også trimma seg grundig i løpet av kvelden.Det heile starta på Logen Teater i Bergen hausten 2007 med kabareten «Haraball i Naustet». I sentrum stod kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar. Sommaren 2008 reiste førestillinga ut på turne. Dette vart ein gedigen suksess for Ausekarane, som fekk skamros frå både publikum og media. Sidan har det gått slag i slag med nye show, ferjeturnear, konsertar, fleire album- og dvd-utgjevingar. Blant høgdepunkta kan nemnast førsteplass på VG-lista med albumet «Farande fant». Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts». «Ausedansen» har for lengst passert ein million visningar på YouTube og Ausekaranes si nyaste førestilling vart teken i mot med latterbrøl, månadar med utselde hus, ekstraførestillingar og strålande meldingar. BA skreiv: Publikum hyler av latter! En herlig orgie av musikalsk komikk. Kultur og komikveld. Go'knall!! BT skreiv: Ramsalt, gapskratt, følsomt, poetisk. Musikalsk virtuost og støtt som fjell. Rikelig å more seg over. Dette er kystkultur, strilahumor, feelgood og folkeleg underhaldning på sitt aller beste.
Laurdag
Stavangerkameratene
Bare så du vett det: Stavangerkameratene kjem til Trøkk n’ TruckSju år etter sin debut er gutane i Stavangerkameratene klare med sitt tredje album, “Kom nærmare” og ikkje minst for ein skikkeleg konsert på Trøkk n’ Truck i Førde. Dei fire artistane som utgjer Stavangerkameratene vart kvar for seg kjent for publikum via fjernsyn: Kjartan Salvesen vann Idol i 2004, Tommy Fredvang er mellom anna kjend frå X-Factor i 2009, Stjernekamp i 2015 og megasuksessen ”Vi elsker ABBA”, Glenn Lyse vant Idol i 2007 og Ole Alexander Mæland har bakgrunn som vokalist i Elle Melle og deltok i The Voice i 2012.Sidan debuten i 2016 med “Vekk meg opp” og monsterhiten “Bare så du vett det” har det verkeleg teke av. Den har nesten samanhengande vore inne på Spotify sine 100 mest spelte låtar i Norge sidan den kom, og har motteke 5 x platina med over 30 millionar streamingar. Debut-albumet som kom året etter har per dags dato lege 81 veker på topp 40, med over 52 millionar avspelingar på Spotify. Sidan har dei spelt sommarturnear og jamt gitt ut nytt materiell. Konsertane deira har dei siste fem åra frakta dei rundt i heile landet, og skapt ein kraftig vekst i fanbasen som er få artistar unt.Stavangerkameratene har over 70 millionar streams, åtte millionar visningar på YouTube og 13 gull- og platinatrofe, så ein kan trygt seie at gutane frå Stavanger har vakse ut av sitt heimlege Rogaland og blitt ein nasjonalt fenomen. Konsertane deira er sett av mange hundre tusen, og dei blir i dag rekna blant Norge sine mest populære liveband.
Under årets Trøkk n’ Truck kan du også oppleve:
Dirty Deeds – garantert topp stemning Dirty Deeds kjem frå Buskerud , og som namnet spelar på: Dei spelar AC/DC – og ingenting anna. Dei leverer eit forrykande show med låtar frå heile AC/DC-katalogen. Her får du både klassikarane og mindre kjende godbitar. Dirty Deeds har turnert og spelt over heile landet, og blir av mange rekna som Norges beste AC/DC tribute-band! Og sikkert som banken: Når det er Trøkk n’ Truck – ja då blir det Dirty Deeds!
Gardsbruk kjem til årets Trøkk n’ Truck. Ei kryssing tå hav, ulja og kruttslam. Plateaktuelle Gardsbruk er eit band med base på Sotra utanfor Bergen. Musikken kan beskrivast som fest-country på dialekt, og det svingar. Spreke gitarriff, god driv, humor og galskap.Tekstane speglar livet i bygdenorge – noko som blir forsterka av vokalist Knut Joachim Pedersens djupe stemme og gode forteljarevne. Låtane er i hovudsak skrivne av vokalist Pedersen og produsent Kåre Glesnes. Godt samarbeid på lemen gjer at dei no har ei god samling låtar å spele på konsertane.
Vossarebels – autentisk rockabilly spelt av energisk ungdomHausten 2010 starta tre unge karar band. Dei fant fort ut at det var rockabilly dei ville legge sjela si i. Sidan har dei rocka stadig hardare. Dei har spelt på eit utal festivalar, og opparbeidd seg godt rykte i Rockabilly-miljøet og kan sjå tilbake på fleire tv-opptrednar. I 2016 slapp dei debut-albumet Bedop!Og i februar 2020 slapp bandet singlane A Little Confused og Dusted Floor frå sitt andre album More! No kan du oppleve stemning i form av kul, autentisk rockabilly spelt av ungdom med den rette energien på Trøkk n’ Truck.
Skamfaren
Skamfaren er eit band frå Indre Sogn, beståande av godt vaksne karar. Skamfaren spelar gitar-rock frå dei siste 50 åra – LIVE!