Håpskonsert i Filadelfia Ulsteinvik
Fredag 19. november 2021
19:00 – 21:30
Sjøgata 45, 6065 Ulsteinvik, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Norea Mediemisjon
Maria Engås Halsne og Norea Music vil denne kvelden gje deg ei musikalsk oppleving du vil hugse lenge. Ein stemningsfull og annleis konsert med alt frå julemusikk, salmar og lovsongar. Maria er ambassadør for Norea Mediemisjon. Ho «snubla» inn i popmusikken gjennom sigeren i The Voice 2019. I finalen sa blant anna mentoren hennar i konkurransen, Morten Harket, at framføringa hennar var ein av dei beste han hadde sett i konkurransen!
Maria er i dag legestudent og mamma. Ho har alltid halde på med musikk og vore aktiv i lovsangsteneste. Gjennom musikken ynskjer Maria å bidra til å setje ord på følelsar, spreie glede eller gje trøyst. Hennar kristne tru pregar både henne som artist og musikken ho lagar. Ho har eit ynskje om at folk skal kjenne seg igjen i det ho skriv og at musikken ho lagar skal røre ved dei som høyrer.
I tillegg til Maria, får du høyre Elisabeth Lillebø Sæth. Hun er sangar og låtskrivar, og arbeidar i Norea Mediemisjon. Saman med Tone Østby på cello vil dei dele sangar, historiar og musikk som berører. Brit Kari Urdal frå Norea Mediemisjon leiar konserten og formidlar historiar frå område av verda der både det å vere ein kristen, og å drive misjon, er svært krevjande. For mange av desse kristne bak stengte grenser er radio, TV eller Internett einaste kjelde til kristent fellesskap og forkynning.
Det blir pause midtvegs i konserten. Filadelfia skriv følgande på sine nettsider: Vi samlast til den gode samtalen runddt dekka bord i Filafeldia, og du får høve til å kjøpe noko godt å bite i.
Det blir også mulighet til å kjøpe julegåver til inntekt for Noreas arbeidd (andaktsbok, kaffe, cd)
Billett koster 200 kroner. Barn under 16 år går gratis. Bestill gratisbilletter til barna. Dette for at vi skal ha oversikt over antall billettar ledige til ei kvar tid.


