Tid: Torsdag 24. september kl. 10 – 15.30
Stad: Bergen - Centralkirken v. Fløibanen
Pris: 500 kr
Påmelding: Frå 10. august via https://kirken.no/bjorgvin/
NB! Begrensa tal på deltakarar.
Program
Kl. 10: Kyrkjemusikken – må vi kjempe for plassen vår?
Nestleiar i CREO – fagforeninga for kyrkjemusikarar, Anders Hovind, fortel om kampen for å få kyrkjemusikken tilbake i teksten for ny lov om tru- og livssynssamfunn. Han vil og innleie om både utfordringar og moglegheiter for kyrkjemusikarane i vår nye digitale kyrkjekvardag.
Kl. 11.00: Kyrkjemusikk på nett
Kompetente kollegaer deler kunnskap og erfaringar
Kl. 11.45: Kyrkjeleg Kultursenter Vest
Orientering ved Karl Johan Kirkebø, leiar av arbeidsgruppa og Lars Kristian Stendahl Gjervik, medlem av arbeidsgruppa og sjef for Menighetsavdelingen i BKF.
Det vil i møtet bli val av
Kl. 12.00: Lunsj
Kl. 13.00: Erfaringsdeling frå Korona-tida
Vi inviterer deg til å sende inn digitalt materiale (bilde, video, lyd) til felles visning. Meld frå i påmeldinga om du vil kome med eit innlegg her.
Kl. 13.45: Ny gudstenesteordning
Prost Svein Arne Theodorsen, leiar av Nemnd for gudstenesteliv i Den norske kyrkje, innleier til samtale om innhald i og implementering av ny gudstenesteordning
Kl. 14.30: "Smalprat"
Med Nils Henrik Asheim
Kl. 15.30: Slutt
Dagen vil bli krydra med songar frå bedehustradisjonen, med tonefylgje frå trøorgel.
Ver varmt velkomen til ein inspirerande fagdag i spennet mellom bedehus og nettkyrkje!


