KI-verkstaden: Kom i gang eller kom vidare med KI
9. desember kl. 09:00 –
20. januar 2027 kl. 16:00
Peak Sunnfjord
Hafstadvegen 23-25, 6800 Førde, Norge
Om arrangementet
Arrangør: YMSIR AS
Kom i gang eller kom vidare med KI – i roleg tempo
KI-verkstaden er eit praktisk kurs for deg over 50, i jobb eller pensjonert. Kanskje har du allereie ein konto på ChatGPT, Claude eller Copilot og har prøvd litt. Kanskje har du ikkje komt i gang enno. Kurset passar for begge, og alle får oppgåver på sitt nivå.
Du lærer:
- kva KI er, og kva det ikkje er
- korleis du stiller gode spørsmål (prompting), så du får betre svar
- kva som skil ChatGPT, Claude og Microsoft Copilot
- å bruke KI trygt, med omsyn til sikkerheit og personvern
- å løyse oppgåver frå din eigen kvardag og jobb
Samling 1: onsdag 9. desember på Peak Sunnfjord, Hafstadvegen 23–25. Du vel gruppe: kl. 09–11 eller kl. 14–16. Det er maks 8 i kvar gruppe, så alle får hjelp. Her er ingen spørsmål feil.
Samling 2: onsdag 20. januar kl. 12–16, med alle samla. Du får staden på e-post før jul.
Pris: 2 900 kr for begge samlingane.
Ta med: PC eller nettbrett, mobil og ladar.
Etter påmeldinga får du ei kort førebuing på e-post.
NB! Påmeldingsfrist er 4. desember.
Kurshaldar: Anne Mette Hjelle, Ymsir AS. Spørsmål? Send ein e-post til annemette@ymsir.no.

Billetter
- Formiddag: 9. desember kl. 09-11 og 20. januar kl. 12-162 900 krinkl. mva.
- Ettermiddag: 9. desember kl. 14-16 og 20. januar kl. 12-16.2 900 krinkl. mva.
Maks 4 billetter per bestilling.
Påmeldingen stenger onsdag 9. desember kl. 16:00
