Ex Machina (2014)
Torsdag 26. november
19:00 – 21:00
Peak Sunnfjord (Aktivitetsrommet)
Hafstadvegen 23, 6800 Førde, Norway
Om arrangementet
Arrangør: Sunnfjord Filmklubb
Ex Machina (2014)
Regi: Alex Garland
Lengde: 108 min
Aldersgrense: 15 år
Sjanger: Sci-fi
Språk: Engelsk
Kjøp billett til denne, og få gratis inngang på neste syning i desember!
Billett for medlem: 50 kr
Billett for ikkje-medlem: 150 kr medlemmskap (6 mnd) + 50 kr for billett.
Den unge programmeraren Caleb vinn ein konkurranse på arbeidsplassen og får reise til den avsidesliggjande villaen til teknologiguruen Nathan. Der får han vite kvifor han er komen: Han skal teste om Ava, ein humanoid robot med kunstig intelligens, verkeleg har medvit.
Samtalane mellom Caleb og Ava vert stadig meir personlege, og Caleb byrjar å tvile på kva Nathan eigentleg driv med. Snart er det uklart kven som testar kven.
Filmen kom før Chat GPT og språkmodellar vart kvardagskost, men i dag kjennest han nesten profetisk. Vi snakkar med maskiner som svarar varmt og overtydande, og spør oss sjølve om det berre er etterlikning eller noko meir. Nathan liknar tech-gründerane som byggjer AI bak lukka dører, med store mengder data og lite innsyn. Caleb er som oss alle: lett å vinne over når maskina ser ut til å forstå oss.
Ex Machina er ein stram og nærgåande thriller om makt, manipulasjon og kva det vil seie å vere menneske. Kanskje er spørsmålet ikkje lenger om maskina kan tenkje, men om vi merkar det når ho spelar på kjenslene våre. Med Domhnall Gleeson, Oscar Isaac og Alicia Vikander.
Denne syninga vert holdt på PEAK SUNNFJORD i 1. etg! Du finn oss på aktivitetsrommet, austover forbi kantina og til venstre.
Velkomen!

Billetter
- Billett50 kr
Påmeldingen stenger torsdag 26. november kl. 21:00

