Årets juletreff for næringslivet i Sunnfjord
Torsdag 3. desember
18:00 – 22:00
Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Scandic Sunnfjord, Storehagen, Førde, Norge
Om arrangementet
Arrangør: FINS
FINS julemøte 2026
Korleis skaper vi saman den utviklinga vi ønskjer i Førde og Sunnfjord?
Torsdag 3. desember, kl. 18.00
Scandic Sunnfjord Hotel
Førde og Sunnfjord står framfor viktige val. Skal vi få til vekst, nye arbeidsplassar og attraktive lokalsamfunn, må kommunen, Statens vegvesen og næringslivet dra i same retning. Kva rammevilkår har vi å spele på, kvar står det fast, og korleis kan vi samarbeide betre?
Vi inviterer til ein kveld med fagleg påfyll, open debatt og god julestemning, og rundar av med julebuffé i restauranten.
PROGRAM:
Kl. 18.00 Velkomen
FINS ønskjer velkomen og set rammene for kvelden.
Det store biletet: kvar går Noreg?
Arne Sæterbakken innleier om utviklingstrekka nasjonalt, og kva dei betyr for ein region som vår.
Sett frå næringslivet i Sunnfjord
Roy Stian Farsund gir sitt perspektiv på situasjonen for det lokale næringslivet: kva fungerer, og kva held oss att?
PANELSAMTALE
Rammevilkår og samarbeid: kva skal til for å få fart på utviklinga?
Kva kan kommunen og Statens vegvesen leggje til rette for, kva må næringslivet sjølv ta ansvar for, og kvar kan vi bli betre saman? Panelet tek ein open samtale om plan, infrastruktur, eigedom og gjennomføring.
- Jenny Følling, ordførar, Sunnfjord kommune
- Lise Mari Haugen, kommunedirektør, Sunnfjord kommune
- Ole Mathias Nes, seksjonsleiar Transportforvaltning, Statens vegvesen
- Jonny Tjønn, eigedomsforvaltar i Førde
- Thomas Østerbø, Entreprenørservice
- Ordstyrar: Rolf Sanne-Gundersen, Eviny
Kl. 19.30 Julebuffé i restauranten
Vi samlast rundt borda til god julemat, nye samtalar og tid til å bli betre kjende på tvers av bransjar.
Velkomen til ein kveld der vi saman ser framover!

Billetter
- Påmelding - Årets juletreff for næringslivet i Sunnfjord320 krekskl. mva.400 kr inkl. mva.

