Vinterkonferansen 2027
Fredag 19. februar 2027
12:00 – 19:00
Bravida Vaksdal
Brualeitet 28, Vaksdal, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Vaksdal Underhaldningslag og Vaksdal Næringsselskap
Velkomen til Vinterkonferansen 2026.
Vi startar dagen med lett servering og mingling frå kl. 12.00. Sjølve programmet er i gang kl. 13.00, og vi oppmodar alle om å vere på plass i god tid før det. Programmet varar til kl. 19.00, før vi forflyttar oss vidare til Vintertreffet i Vaksdal Samfunnshus.
Vi kan freiste med følgjande program:
Anne Lindmo
Ei av Noregs mest folkekjære programleiarar, blant anna kjend frå «Lindmo» på NRK, kjem til Vaksdal med humor og gode historier.
Erna Solberg
Den tidlegare statsministeren deler sine perspektiv på korleis norske bedrifter og lokalsamfunn som vårt kan lukkast i åra framover.
Magnus Rørbakken
Den yngste nordmannen på toppen av Mount Everest fortel om hårete mål, motgang og viljen til å nå heilt til topps.
Kaj Myklatun - «Pota Madre»
«Potet-gründaren» fortel om kremmarånd, pågangsmot og korleis han bygde ein suksess på rekordtid.
Dag Eilev Fagermo
Ein av landets mest kjende fotballtrenarar fortel korleis erfaringane hans med leiarskap og prestasjonskultur frå toppidretten kan overførast til næringslivet.
Anne Fagermo
Countryrockaren frå The Voice 2023 sørgjer for musikalske innslag og god stemning på scena.
Eirik Straume Normann og Trine Duesund Straume
Fjorårets publikumsfavorittar er tilbake med lokale historier, humor og song, slik berre dei kan by på.
Inkludert i billetten: Foredrag, mat, drikke og konsert/dans med STAUT og Berit Håpoldøy m/band
Velkomne!

Billetter
- Konferansebillett1 490 kr
- Sponsorpakke støttespelar4 000 kr
- Sponsorpakke bronse8 000 kr
- Sponsorpakke sølv14 000 kr
- Sponsorpakke gull25 000 kr

