Litterært førspel
Fredag 29. januar 2027
16:30 – 17:15
Venterommet
Keiser Wilhelms g. 6, 6003 Ålesund, Norge
Om arrangementet
Arrangør: ÅLESUND LITTERATURFESTIVAL
Vestlandske tankesprang
Kva skjer når vestlandsk skrønekunst, humor og forteljarglede møter litterær nyfikne og fri fantasi?
Gunnhild Øyehaug og Erlend Nødtvedt er begge forfattarar som utfordrar grensene for realismen og lét språk, historie og mytar ta uventa retningar. Med Vestlandet som bakteppe skaper dei forteljingar der det kvardagslege møter det absurde, og der humor ofte opnar for dei største spørsmåla.
Møt to av dei mest originale stemmene i norsk samtidslitteratur til ein samtale om fantasi, forteljarkunst, skrøner, språk og gleda ved å la tanken få vandre dit han vil.
Samtaleleiar: Mariann Schjeide.
Gunnhild Øyehaug (f. 1975) er forfattar, litteraturkritikar og professor i skrivekunst. Ho har markert seg som ei av dei fremste stemmene i norsk samtidslitteratur med bøker som Vente, blinke (2008), Draumeskrivar (2016) og Presens maskin (2018). Forfattarskapen spenner over romanar, noveller, dikt og essay. Hausten 2026 er ho aktuell med Elskarane mine.
Erlend Nødtvedt (f. 1984) er forfattar og poet frå Bergen. Han debuterte med diktsamlinga Harudes (2008) og har sidan gjort seg særleg bemerka med bøker som Vestlandet (2017), Lungeflyteprøven (2020) og Mordet på Henrik Ibsen (2021). I den nye romanen Borgen vender han tilbake til byen si historie, mytane og dei litterære laga som formar måten vi forstår verda på.
Samtalen blir leia av Mariann Schjeide, ein av dei mest erfarne bibliotek- og litteraturformidlarane i landet. Ho er i dag biblioteksjef ved Høgskulen i Volda.
Billetter
- Inngang100 kr
Billettsalget stenger fredag 29. januar 2027 kl. 16:30
