Innovasjonsdagen SUNNFJORD 2026
Torsdag 3. desember
09:00 – 14:00
Veslesus
Elvevegen 13, 6800 Førde, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Sunnfjord Utvikling AS, Kunnskapsparken Vestland og Innovasjon Norge
Innovasjonsdagen Sunnfjord 2026
Frå moglegheiter til endring og resultat
Kunstig intelligens endrar måten vi arbeider på i rekordfart. Morten Goodwin, ein av landets fremste KI-ekspertar, viser korleis bedrifta di kan lykkast med neste generasjon kunstig intelligens. Louise Fuchs tek oss frå kaos til kultur og deler korleis ein får til god leiing når ingen vil leiast. I tillegg får du høyre Roy Stian Farsund, og SpareBank 1 Sogn og Fjordane gir oss eit innblikk i investeringslysta og framtidshåpet i næringslivet.
Vi løftar også fram lokale gründerar og bedrifter som viser at moglegheitene i regionen vår blir til verkelege resultat. Dagen blir avslutta med sofaprat der foredragshaldarane møter gründerar og lokalt næringsliv.
Registreringa opnar kl. 08.30, og programmet startar kl. 09.00. Det blir god tid til mingling og lunsj undervegs.
Velkommen til ein dag som gir deg energi, idear og nye kontaktar!
Innovasjonsdagen Sunnfjord blir arrangert av Sunnfjord Utvikling, Kunnskapsparken Vestland og Innovasjon Norge med SpareBank 1 Sogn og Fjordane som hovudsponsor.

Billetter
- Innovasjonsdagen SUNNFJORD499 krinkl. mva.

