Sunnfjordbunad 40 timar med kurs
29. september 2027 kl. 09:00 –
29. mars 2028 kl. 12:00
Krivule AS
Hafstadvegen 34, Førde, Norge
Om arrangementet
Arrangør: SOGN OG FJORDANE UNGDOMSLAG
Informasjon om vårt bunadskurs på 40 timar
Ungdomslagsrørsla har i mange år hatt gode tradisjonar innan opplæring og vidareformidling av lokal kunnskap om bunad. Det er viktig for Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) at handboren lærdom vert halde i hevd, og vi er så heldige at Agne Ladukiene på Krivule AS har teke på seg ansvaret med å lære frå seg korleis sy bunad steg for steg etter gamle handverksteknikkar.
Om sjølve kurset:
Det er lagt opp til tolv økter med kurs på 3 timar kvar andre veke slik at alle fra start er i god rute til mai, nasjonaldagen og konfirmasjonar. Til saman er dette eit kurs på 40 timar og de må rekne med ein del syarbeid utanom kurstid for å ferdigstille.
Det vert ikkje eit tradisjonelt kursløp fra oppstart til avslutning der ein har læreplan fra gong til gong, dette av di fleire syr ulike bunadar samt at nokon er ferskingar medan andre er meir erfarne. Agne tilpassar dette til kvar enkelt deltakar. På kurset lærer du å sy dei delane til bunaden som er av ull (bukse/stakk og vest/liv, jakke og eventuelt montering av tilbehøyr som lomme, selar og belte)
Før oppstart av kurs må samtlege avtale tid med Agne for å ta mål av den som skal ha bunaden du skal sy.
Invitasjon til informasjonsmøte for alle deltakarar kjem hausten 2027.
Kursstart vert i slutten av september og i starten av oktober alt etter kva gruppe du kjem på.
Avslutningsmøte med diplomutdeling vert avtalt i siste del av kurset.
Materiell og utstyr
Utstyr: Alle bunadar fra Sunnfjord vert sydd for hand sett vekk i fra kvinnebunad med grønt liv. Til den grøne bunaden er det noko maskinsaum og Krivule AS har symaskiner til dette. Du må sjølv halde nåler, sakser, saumometer, måleband og kritt
Det er råd å få kjøpt alt du treng av materiell og utstyr hjå Krivule AS.
Kursavgift
Kursavgifta er i to ulike satsar og kostar kr 4700.- for deg som er medlem i eitt av våre lokallag. For deg som ikkje er medlem kostar det kr 5500.- Ull, tråd, band og knappar til bunaden må de sjølv dekkja i tillegg. Hjelp utanom kurstid vert fakturert til deg av Krivule AS.
Om du ynskjer å verte medlem hjå oss gjere du det ved å ta direkte kontakt med eit av våre lokallag. Våre ungdomslag i Sunnfjord er: Bygstad, Dale, Eikefjord, Eikås, Flekke, Førde, Gjesdal, Heimhug (Florø), Holmedal, Naustdal, Straumsnes. Om de heller vil vere medlem i eit av SOFUL sine lag i Nordfjord eller Sogn og er usikker på kva lag vi har i desse regionane der er det berre å ta kontakt.
Utanom medlemsfordelar i Sogn og Fjordane Ungdomslag og i lokallag får ein også som medlem fordelar gjennom Noregs Ungdomslag, du kan lese om det her: https://www.ungdomslag.no/medlemsfordelar

Billetter
- Medlemspris: Sunnfjordbunad 40 timar med kurs4 700 kr
- Pris for ikkje medlem: Sunnfjordbunad 40 timar med kurs5 500 kr
