Bli utstillar på Julemarknad Førde (for privatpersonar)
27. november kl. 16:00 –
29. november kl. 16:00
Sunnfjord rådhus
Hafstadvegen 42, Førde, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Sunnfjord Utvikling AS & Førde Sør AS
Siste helga i november inviterer Sunnfjord Utvikling og Førde Sør AS til julemarknad utanfor rådhuset i Førde. Her blir det ei heil helg med førjulsstemning, lokal handel og aktivitetar for store og små!
Målet er å skape ein ny juletradisjon i Førde, samtidig som vi løftar fram lokale produsentar, verksemder og alt det gode Sunnfjord har å by på.
På marknaden kan du selje eigenproduserte varer, handverk, kunst, lokalmat, bakst eller andre spennande produkt.
Du kan leige bod for heile helga eller dei dagane som passar best for deg.
Opningstider
• Fredag 27. november kl. 16.00–19.00
• Laurdag 28. november kl. 12.00–19.00
• Søndag 29. november kl. 12.00–16.00
Vi gler oss til ei triveleg julehelg saman med deg!

Billetter
- Leige av bod heile helgen600 krinkl. mva.
- Julemarknad dag 1300 krinkl. mva.
- Julemarknad dag 2300 krinkl. mva.
- Julemarknad dag 3300 krinkl. mva.

