Kurs i knipling
20. januar 2027 kl. 18:30 –
21. april 2027 kl. 21:30
Husflidstova
Blombakken 1, Alversund, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Nordhordland Husflidslag
Har du nokon gong lurt på korleis ei blonde blir til? Korleis klarar ein å slynge fine trådar og knyte dei saman i intrikate mønster som heng saman? For å lage kniplingar bruker ein små pinnar surra med tråd, ein spesiell pute, nåler og eit mønster.
Vi er så heldige å ha Marit Kristine Bastesen med oss som lokal instruktør i denne flotte teknikken.
På dette kurset føl vi Knipleforeningen i Norge sine kurs. Det er rom for ulike nivå på kurset, du kjøper det kursheftet som passar til ditt nivå frå instruktøren.
Du som er heilt nybyrjarar startar med modul 1A. På kurset lærer du å bli kjend med utstyret vi brukar når vi knipler, slå ei enkel knipling, og å forstå korleis kniplinga er bygd opp. Du kan få låne knipleutstyr om du ønskjer å prøve ut om knipling er noko for deg.
Kursdatoar: 20/1, 17/2, 17/3 og 21/4
Kursstad: Husflidstova (butikken) i Blombakken 1. OBS! Det er trapp opp til lokalet.
Tal timar: 12
Kursleiar: Marit Kristine Bastesen
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon

Billetter
- Kurspass for medlem i Norges Husflidslag1 649 kr
- Ordinært kurspass1 834 kr

