Roggeband - kurs i veving og montering
30. januar 2027 kl. 10:00 –
6. mars 2027 kl. 16:30
Gamle Alversund skule, inngang H
Nedre Alver 2, 5911 Alversund, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Nordhordland Husflidslag
Første økta er 30. januar. Då lærer du heile prosessen med å veve roggeband, frå å sette opp veven til å bruke rett teknikk i innslaget.
Andre økta er 6. mars. Då må du vere ferdig med å veve bandet ditt, sidan du då skal lære korleis du kan montere bandet slik at det blir ei laus rogge du kan ta av og på. Opphaveleg skulle roggebandet surrast rundt håret, men no for tida vil dei fleste montere roggebandet slik at det blir ei laus rogge du lett kan ta av og på deg.
Du kan kjøpe eller leige vev som eignar seg svært godt til å veve roggeband. Den kostar kr. 2200, du betaler direkte til instruktør på kurset. Om du vil leige veven, får du att kr. 1700 når du leverer veven tilbake.
Materialpakke og mønster kostar kr. 320, og du betaler direkte til instruktøren på kurset.
Tal timar: 13
Kursleiar: Kjersti Kolås
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon

Billetter
- Kurspass for medlem i Norges Husflidslag1 119 kr
- Ordinært kurspass1 316 kr

