Skriv med KI utan å miste stemma di!
Tirsdag 15. desember
09:00 – 15:30
Om arrangementet
Arrangør: Kjernepar AS
Éin digital dag med dine eigne tekstar. Du lærer å starte med lesaren si oppgåve og bruke KI som ein kritisk skrivepartnar, ikkje som ein som skriv for deg. Maks 10 deltakarar.
Dette tek du med deg
- Start med lesaren, ikkje med det tomme dokumentet. Kjernemodellen gir deg mål, målgruppe og brukaroppgåve før du skriv ei setning.
- KI til kritikk, struktur og alternativ. Du får KI til å stille dei vanskelege spørsmåla og foreslå andre vinklingar, og du bestemmer.
- Tekst som høyrest ut som deg. Du lærer å kjenne igjen og fjerne KI-preget, og å halde på stemma og språkprofilen til organisasjonen.
- Ein arbeidsmåte du kan bruke dagen etter, anten du brukar Copilot, ChatGPT eller Claude.
Tek du kurset gjennom jobben? Kurset kan takast på kompetansebudsjettet for 2026. Verksemda får igjen ein ekte jobbtekst i staden for øvingsoppgåver, tekstar som høyrest ut som verksemda, og ein arbeidsmåte du kan dele med kollegaene dine. Treng du å grunngi det for leiaren din? Du kan låne denne:
«Eg vil ta kurset for å skrive betre og raskare med KI, utan at tekstane mistar tonen vår. Eg tek med ein konkret tekst frå jobben og går heim med ein stilguide og ein arbeidsmåte eg kan bruke på nye tekstar.»
Tek du kurset på eiga hand? Då tek du med ein tekst du bryr deg om, frå frivillig arbeid, ein søknad eller eit eige skriveprosjekt. Du kan betale med kort.
Bakgrunn: Kurset byggjer mellom anna på metoden i artikkelen min Parskriving med KI: eit rollespel i 7 akter. Der skriv du saman med KI, slik vi gjer i parskriving, i staden for å la KI skrive for deg.
For deg som skriv i jobben eller på fritida, og vil bruke KI utan å miste kvaliteten eller stemma di.
Kursleiar: Are Halland har laga Kjernemodellen og arbeidd med innhaldsstrategi i tretti år. No hjelper han organisasjonar å få KI til å skrive i deira eiga stemme.

Billetter
- Digitalt kurs med kursbevis6 900 krinkl. mva.