Tilflyttarkveld
27. oktober kl. 18:00 –
28. oktober kl. 20:00
Sentralbadet litteraturhus
Smelteverket 113, Odda, Norge
Om arrangementet
Arrangør: STIFTELSEN SENTRALBADET LITTERATURHUS
Ullensvang kommune inviterer til Tilflyttarkveld på Sentralbadet litteraturhus!
Tilflyttarkvelden er kommunen si offisielle velkomsthelsing til nye innbyggjarar. Her får du høve til å bli betre kjend med lokalsamfunnet, møte andre som også er nye i kommunen, og oppdage noko av alt Ullensvang har å by på.
Vi samlast til ein sosial og uformell kveld med mat, gode samtalar og møte med frivillige lag og organisasjonar. Du kan besøkje ulike stands, bli kjend med aktivitetar og tilbod i kommunen, og få inspirasjon til korleis du kan engasjere deg i lokalmiljøet.
Som noko nytt blir det også basar, der lokale verksemder og organisasjonar har bidrege med flotte premiar. Basaren er ein kjekk aktivitet som gjer det endå enklare å bli kjend med det store mangfaldet av tilbod i Ullensvang.

Billetter
- GratisGratis
Billettsalget stenger onsdag 28. oktober kl. 09:00

