LANDBRUKSKONFERANSEN 2026
Onsdag 4. november
09:30 – 16:30
Grand Hotel Skei
Grand Hotel Skei, E39, Skei, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Sunnfjord Utvikling AS og Sunnfjord kommune
Sunnfjord Utvikling og Sunnfjord kommune inviterer til Landbrukskonferanse på Grand Hotel Skei 4. november!
Her kan alle som har interesse for landbruk få med seg eit variert og inspirerande program. Målet for konferansen er å styrke landbruket i regionen, inspirere til nytenking, utvikling og rekruttering.
Program:
Kl. 09.30
- Registrering og småmat frå Sunnfjord
Kl. 10.00
- “Velkommen til Landbrukskonferansen 2026” - Joar Helgheim, einingsleiar for landbruk og miljø i Sunnfjord kommune
- “Frå grasressurs til matberedskap” - Christian Anton Smedshaug, sjefsøkonom i Landkreditt og tidlegare leiar i Agri Analyse
- “Vestlandslandbruket - vinn eller forsvinn?” - Jan Erik Fløtre, leiar i Vestland Bondelag
- Beinstrekk med nysteikte natronkaker
- “Beredskap byrjar i åkeren” - Robert Mood, tidlegare generalsekretær i Røde Kors og generalløytnant i Forsvaret
- “Beredskap på garden - i realitet og praksis” - Synnøve Vonen Kvaal, Statsforvaltaren i Vestland, og Robert Frøysland, mjølkebonde i Haukedalen
- “To + to = ny giv for landbruksutdanninga” - Håkon Svoen, avdelingsleiar naturbruk ved Førde vidaregåande skule, saman med dei første lærlingane Ann-Karin Solheimrygg og Bertine Myklemyr Sperle
Kl. 12.30
- Bordsete med nykokt rømmegraut og spekemat
Kl. 13.15
- “Ny fjøs - nytt liv” - Oddmund Klakegg, nestleiar i utval for næring i Vestland fylkeskommune, med mjølkebonde Terje Hagen frå Førde og sauebonde Sondre Haugen frå Fjaler
- “Ny næring - ny framtid” - Gardsmeieri og biogassanlegg ved Ivar Børge Seljeseth, Hornindal. Droner for traktor. Eige gardsutsal eller felles landhandel?
- “Nytt år - nye sjansar” - Jorunn Kårvatn, kunderådgjevar i Innovasjon Norge
- “Gründer på garden” - Hilde Døvre, utviklingssjef i Norges Vel
- Smakslandet Sunnfjord - nonsmat frå bre til fjord, og ein prat med nokre av leverandørane
Kl. 16.00
- “Norsk matkultur - eit fundament for framtida” - Sofasamtale med Kristoffer Hovland, kjøkkensjef på Vianvang, Christian Anton Smedshaug, Hilde Døvre m.fl.
Kl. 16.30
- Takk for i dag, og velkommen til Bygdekveld med film, sidersmaking og forfattarsamtale kl. 18.
Kl. 18
Markens grøde // Kulturkveld med sidersmaking og ostebord
Denne hausten kjem Knut Hamsun sin tidlause klassikar «Markens grøde» til det store lerretet i kinofilmen med same namn. Onsdag 4. november inviterer vi til ein rikhaldigbygdekveld kring filmen og forteljinga om Isak Sellanraa.
Som ein velkomst vil tidlegare general-løytnant i forsvaret Robert Mood reflektere over korleis ei levande bygd vitnar om både beredskap og forvarsevne. – Beredskap startar i åkeren, seier han. Filmframsyninga i Jølstrasalen er ved Bygdekinoen, som syter for gode filmopplevingar i grender og bygdelag kring om i heile landet.
På Skarbø gard ved Storfjorden har Kristine Ruiz-Skarbø forvandla det brattlendte mjølkebruket til ein blømande sidergard saman med mannen Carlos Ruiz frå Granada. – -Det er vi som er urfolket her, smiler ho. Vi har røtene våre i desse bakkane og det er her vi vil leve. Ho inviterer til sidersmaking med edle dråpar av tradisjonelle eplesortar. På ostebordet vil vi finne smakar frå Aurland i sør til Tingvoll i nord.
Mot slutten av kvelden finn vi saman i salongen der vi møter fagleiar ved Hamsun-senteret Alvhild Dvergsdal i samtale med sauebonde og forfattar Tore Kvæven frå Sirdal. Han har skrive ein av haustens mest kritikar-roste romanar: «Eit spor til endes».
-Du kan gå eit heilt liv gjennom denne fjellheimen. Og likevel vil det ukjende alltid finnast her, seier hovudpersonen Torstein når den vide fjellheimen byrjar å kreve meir enn den gjev. Kanskje varslar Torstein Vatnedal og Isak Sellanraa om at det kjem ei ny tid for å finne meining og retning i det som gror.
Velkomne til ein flott kveld med gode mat- og kulturopplevingar på Grand Skei Hotel på Jølster.
Billett kr 390 inkluderer film, forfattarsamtale og tre enkle glass sider, samt ostebord, småkaker og kaffi eller te.
Arrangementet er i samarbeid med Bygdekinoen A/S, Jølster litterære folkeakademi og Rom for ord.

Billetter
- Dagsbillett790 krinkl. mva.
- Markens grøde // Bygdekveld med sidersmaking og ostebord390 krinkl. mva.

