Kurs i filting av krukke eller pulsvantar
13. mars 2027 kl. 10:00 –
14. mars 2027 kl. 18:00
Gamle Alversund skule, inngang H
Nedre Alver 2, 5911 Alversund, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Nordhordland Husflidslag
På dette kurset i filting skal kurshaldar Ann-Kristin Mangerøy vise korleis ein jobbar med hul form. Det vil seie å tove rundt ein mal som ein seinare fjernar. Når malen er fjerna kan ein tove vidare og forme og manipulere det ein lagar. Me startar med å tove krukker i ulike former, det er også mogeleg å lage pulsvarmarar dersom det er tid nok.
Ann-Kristin viser korleis ein tovar ulla, og ulike måtar å dekorere på, til dømes med effektgarn, silkebitar, brodering, filtbitar eller pelsull.
Du kan ta med eiga ull til å jobbe med, eller du kan kjøpe materialpakke hjå kurshaldar.
- Kursdatoar: Laurdag 13/3 og søndag 14/3
- Kurstider: kl. 10.00-18.00 laurdag og 10.00-18.00 søndag
- Tal timar: 16
- Kursleiar: Ann-Kristin Mangerøy
- Kursstad: Gamle Alversund skule, inngang H
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon


