Korgfletting - hasselkorg
15. januar 2027 kl. 17:00 –
17. januar 2027 kl. 18:00
Gamle Alversund skule, inngang H
Nedre Alver 2, 5911 Alversund, Norge
Om arrangementet
Arrangør: Nordhordland Husflidslag
På dette kurset lærer vi korleis vi kan nytte mellom anna hassel, selje og vier vi har rundt oss til å lage korger. Ein startar med å knekke lange strimlar av passeleg tjukke greiner med hassel eller selje/vier i ein "knekkebenk". Desse strimlane blir deretter spikka til emne ein kan flette korger med.
Kursleiar tar med materiala som trengs til å lage korger. Du betaler instruktøren direkte på kurset for materialane, kr. 500. Du kan betale med Vipps eller kontantar.
- Tid: Fredag 15/1 kl. 17-21, laurdag 16/1 kl. 10-18 og søndag 17/1 kl. 10-18
- Tal timar: 20
- Kursleiar: Hege Iren Aasdal
Hege Iren Aasdal har sveinebrev som korgmakar, og har mellom anna vore stipendiat ved Norsk Håndverksinstitutt der ho dykka djupt inn i tradisjonane rundt korger i splitta materiale. Hege Iren heldt vanlegvis til i Kvam herad, og vi er glade for å ha fått ho til å kome heile vegen til oss i Nordhordland for å halde kurs.
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon

Billetter
- Kurspass for medlem i Norges Husflidslag2 000 kr
- Ordinært kurspass2 300 kr

